Den europeiske språkprisen 2018

NAFO gratulerer Dahlske videregående skole

Den europeiske språkprisen blir delt ut kvart år til nyskapande prosjekt som medverkar til å fremje læring av språk. I år var det Dahlske videregående skole i Grimstad som fekk prisen for å ha arbeidt målretta for å inspirere og motivere tilsette og elevar til å utvikle tiltak og tenke nytt rundt språkopplæring.

Tar i bruk ressursane i klasserommet

Skolen legg vekt på å ta i bruk dei språklege og kulturelle ressursane i klasserommet. Eit av tiltaka er å la elevar med andre morsmål enn norsk gje medelevar minikurs i språka sine, eit anna er knytt til årleg feiring av den internasjonale språkdagen. Skolen har òg som mål å utvikle ei haldning blant elevane om at det er moro å lære språk og at språk er viktig for dei i framtida. Dei arbeider derfor aktivt for å få fleire elevar til å velje språkfag som programfag, og dei har kontakt med ungdomsskolar for at elevane skal bli interesserte i språk tidleg.

Tildelinga av Den europeiske språkprisen

Den europeiske språkprisen blir tildelt av nasjonale juryar i samhøve med felles europeiske og nasjonale kriterium. Les meir om tildelinga av Den europeiske språkprisen 2018 her.

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord