Det nye landet – tekstar skrivne av flyktningar

Folkebiblioteka i Noreg har mellom anna i oppgave å bidra til mangfald og integrering og å vere ein møteplass. I Førde har biblioteket mellom anna arrangert målkafé for flyktningar som går på norskkurs. Her blir dei introdusert for nynorske dikt, eventyr og folkesangar.

Mangfald i nynorskens skog
Korleis kan ein fortelle om erfaringar frå eit anna land på eit nytt språk? Det siste året har ein del vaksne innvandrarar jobba med dette i prosjektet «Mangfald i nynorskens skog» på Førde bibliotek. Ein viktig del av kurset er at deltakarane får tilbod om ein møteplass for kulturutveksling, men også høve til å trene norsk, dele fortellingar og drive på med skapande skriving.

Uttrykke mykje med eit enkelt språk
Kurset har vore eit tilbod til deltakarar i norskopplæringa i Førde. Kursdeltakarane har skrive tekstar med temaet «det nye landet», og om erfaringane med å flytte til Noreg. Forfattar og norsklærar Erna Osland har vore rettleiar i prosjektet. Ho er overraska over kor mykje dei klarer å uttrykke med eit enkelt språk: «Det enkle språket kan bli komplekst ved at ein utnyttar det enkle. Slik kan ein få eit relativt enkelt norsk språk til å likevel bli ein god reiskap for det ein tenker og føler»

Bokutgjeving: Det nye landet

Prosjektet har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket, og tekstane er no trykt opp i ein bok som blei lansert 9. mars.

Lenker

Les artikkel fra NRK Sogn og Fjordane og se filmklipp fra prosjektet

Det nye landet

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord