Fleirspråklegheit eit innsatsområde i norsk språkpolitikk

Fleirspråklegheit må i større grad sjåast som og verdsettast som ein ressurs, både for den enkelte og for samfunnet som heilskap, heiter det i rapporten Språk i Noreg – kultur og infrastruktur som Språkrådets framtidsutval har overlevert til kulturministeren.

Ein heilskapleg norsk språkpolitikk

Utgangspunktet for arbeidet til utvalet har vore stortingsmeldinga Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk, og mandatet utvalet hadde, var å finne ut kor kreftene må setjast inn for å sikre at norsk språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk skal stå sterkt på alle samfunnsområde i framtida. I denne samanhengen hadde utvalet som oppgåve å identifisere det dei meinte var dei tre til fem viktigaste innsatsområda.

Dei fem viktigaste innsatsområda

Av områda som utvalet identifiserte, er tre knytt til norsk språk. Desse gjeld språkpolitiske mål for å sikre bruk og utvikling av norsk i media, å gi norsk plass i den obligatoriske delen av grunnskolelærarutdanninga, og å utvikle overordna insentiv og ressursar for å støtte opp om bruk av norsk i universitets- og høgskolesektoren. To av måla er knytt til minoritetsspråk og fleirspråklegheit. Det første av desse er at det i ny språklov må fastsettast at staten har eit ansvar for å verne og fremme dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romanes, romani og norsk teiknspråk. Samisk er ikkje med i rapporten av di dette er Sametingets arbeidsområde og dermed låg det utanfor mandatet til utvalet. Det andre målet som gjeld fleirspråklegheit, er at Språkrådet i større grad må få ansvar for og nytte ressursar for formidling av kunnskap om fleirspråklegheit.

Sameining av arbeid med fleirspråklegheit

Utvalet seier at gjennom økt ansvar vil Språkrådet kunne sameine arbeidet med den «gamle» (teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk) og den «nye» (nyare innvandrarspråk) fleirspråklegheita. Dei meiner at ein da vil kunne hindre at mytar og feilinformasjon om fleirspråklegheit får rotfeste, og at ein kan skape forståing for kva fleirspråklegheit er, og korleis ho verkar i samfunnet.

Les rapporten her.

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord