Foreldremøte – alle med!

Eit nytt barnehage- og skuleår har begynt, og foreldremøte er i kjømda for mange. For nokon inneber hausten at dei får nye føresette å samarbeide med.

Føresette er ressursar

Dei føresette er ei samansett gruppe, der ikkje alle har dei same føresetnadane for å ta initiativ til eller delta i eit samarbeid med barnehage og skule. Men alle føresette er ein  ressurs som det er viktig å nytte for å legge til rette for best mogleg utvikling og læring hos barna. Dei føresette må involverast, og barnehagen og skulen har ansvar for å legge til rette for eit godt samarbeid.  Dette ansvaret er nedfelt i opplæringslova (§ 13-3d), i læreplanverket  og i rammeplanen for barnehagen.

I læreplanverket er det omtalt på denne måten:  Samarbeidet mellom skole og heim er eit gjensidig ansvar, men skolen skal ta initiativ og leggje til rette for samarbeidet. Opplæringslova, forskrift til lova og  læreplanverket dannar grunnlag for samarbeidet, og foreldre og føresette skal ha reelt høve til innverknad på eigne barns læringsarbeid fagleg og sosialt.

I rammeplanen (2017) for barnehagen heiter det: Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen vareta barnas behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling, jf. barnehagelova § 1. Nemningane «hjemmet» og «foreldrene» omfattar òg andre føresette. Barnehagen skal vareta foreldra sin rett til medverknad og samarbeide nært og i forståing med foreldra, jf. barne­ hagelova §§ 1 og 4. Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål. Foreldra og barnehagepersonalet har eit felles ansvar for at barnet skal trivast og utvikle seg.

Dette inneberat føresette og tilsette i barnehage og skule skal møte kvarandre med gjensidig respekt.

Føresettes perspektiv

I Sverige gjennomførte Laid Bouakaz ei undersøking som kan fortelje noko om kva som kan hindre eit godt samarbeid mellom skulen og føresette. I boka «Snakk med oss» skriv han at lærarane ser på dei religiøse overtydingane, språket og den kulturelle bakgrunnen til foreldra som eit mogleg hinder for samarbeid. Foreldra fortel på si side at det er språket og manglande  kjennskap til skulesystemet som kan gjere det utfordrande å samarbeide. Foreldra i undersøkinga  etterspurte meir kunnskap om skulen. Det er rimeleg å anta at ein kan dra parallellar til forhold i norske skular og barnehagar.

Ulike føresetnader

Dersom ein som lærar i skulen eller barnehagen har forståing for at ikkje alle føresette har dei same kunnskapane om barnehage og skule, og at ikkje alle har dei same føresetnadane for å engasjere seg i samarbeidet, er det enklare å forstå at det er nødvendig å tilpasse samarbeidet. I mange land er det ikkje vanleg med foreldremøte,  og for nokre føresette kan ei slik form for møteverksemd vere ukjent.  Kanskje treng nokre føresette meir informasjon eller ein ekstra telefon for å forstå kor viktig det er at dei deltek aktivt i samarbeidet med barnehagen og skulen. Kanskje kan ein invitere nye føresette inn i barnehagen eller skulen for å sjå og lære om norsk barnehage- og skulepraksis og for at dei skal få moglegheit til å fortelje om barna sine og kva dei tenkjer om barnehagen eller skulen.

Bli kjent med foreldra

For personalet i barnehagen eller skulen kan det vere formålstenleg å snakke om  korleis foreldregruppa er samansett i forkant av innkalling til foreldremøte, i den grad ein har slik informasjon. Foreldremøte er ikkje berre ein stad for å gi informasjon, men eit verdifult høve for dei føresette til å bli kjent med kvarandre. For dei  som ikkje har vore lenge i landet, er det kanskje ekstra viktig å kunne knytte kontaktar med andre føresette i barnehagegruppa eller klassa.

Her er nokre spørsmål ein kan reflektere rundt i personalgruppa. Spørsmåla tek utgangspunkt i spørsmål frå FUB sine sider:

  • Kven kjem/ kven kjem ikkje? Er det alltid dei same som kjem og ikkje kjem? Har barnehagen/ skulen diskutert kva som kan vere årsaka til dette? Kan det ha praktiske årsaker, som til dømes mangel på barnevakt?
  • Er tema som skal takast opp noko som vedkjem alle?
  • Blir alle føresette møtt som likeverdige?
  • Er møta tilgjengeleg for alle? Har alle forstått at det skal vere foreldremøte, og har dei ei forståing for kva det inneber?
  • Har ein sørga for tolk, og veit ein korleis tolk skal nyttast?
  • Er foreldremøtet på eit tidspunkt som passar for alle?
  • Har barnehagen / skulen personale som kan vere med på å omsetje innkallinga til fleire språk?

(Sjå: fubhg.no for fleire spørsmål.)

Du kan lese meir og få gode tips om foreldresamarbeid på NAFO sine sider:

Grunnskole skole-hjem-samarbeid

Barnehage foreldresamarbeid

Boka: Snakk med oss, Aamodt og Hauge (red), 2013, Gyldendal Akademisk.

Lykke til med eit godt og innhaldsrikt foreldremøte der alle er med!
Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord