Florø barneskole

Florø barneskoleFlorø barneskole ligg i sentrum i Florø og feirer i år 80 år. Vi har 540 elevar frå 1.-7.klasse fordelt med tre klassar på kvart årssteg. Her er 80 tilsette, lærarar og assistentar. Skolen fekk i 1997 bygd ein base for barn med spesielle behov. Skolen ligg midt i sentrum, flott plassert ved Storevatnet. Til tross for at vi ligg midt i byen, har vi tilgang til mykje friområde, både skog, ås og vatn. Skolen har i dag 49 elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn. Desse representerer i dag 19 nasjonar. Florø har asylmottak og ein innføringsklasse for elevar frå 1.-7.klasse. Denne klassen er knytta til Torvmyra skule. Elevane kjem til oss etter ca eitt år i innføringsklassen.

Vi organiserer i dag opplæringa i grunnleggende norsk i to grupper, ei på 1.-4.klasse og ei på 5.-7.klasse. Florø barneskole har få lærarar med vidareutdanning innafor det fleirkulturelle feltet. Vi ønskjer eit nærare samarbeid med både Krokane barnehage og KF Innvandrarsenteret for å utvikle opplæringa for dei tospråklege elevane ved skolen.

Lenke til skolens nettside

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord