Kväänikansan päivä

NAFO gratulerer med Kvenfolkets dag 16. mars!

Kvenfolkets dag er ei markering av kvensk/norskfinsk historie og kultur. Dagen blir markert kvart år med ulike aktivitetar i lokallag over heile landet. Dagen blei feira første gong i 2013. Datoen er valt til minne om den første organiseringa av kvenane som gruppe. På denne dagen i 1984 blei det første lokallaget for kvenar etablert i Børselv i Aust-Finnmark.

Kvenane er ein nasjonal minoritet i Noreg

Kvenane er etterkommarar av folk som kom frå Nord-Finland og Nord-Sverige og busette seg i Troms og Finnmark. Dei første skriftlege kjeldene som fortel om kvenar i Noreg, går så langt tilbake som til 1500-talet. I 1998 fekk kvenane status som ein nasjonal minoritet, på lik linje med jødar, rom, romanifolket og skogfinnar. I 2005 blei kvensk godkjent som eige språk.

Ressursar
Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord