Kven vinn årets europeiske språkpris?

Den europeiske språkprisen European Language Label delast ut kvart år til nyskapande prosjekt som har medverka til å fremje læring av språk.

Skular, institusjonar, organisasjonar og einskildpersonar som driv med språkopplæring, kan søkje. Prisen er på 50 000 kroner og søknadsfristen er 15. september.

Språkprisen 2017 vart tildelt Tone Evensen for bloggen Glimt fra et flerkulturelt klasserom der ho deler røynsler frå klasserommet, gir tips og råd til andre lærarar, og deler materiell og læringsressursar. Bli inspirert og les meir om tidlegare vinnarar.

I 2018 vert det prioritert prosjekt som bidreg til utvikling av meir inkluderande skular og støtte til lærarar og skuleleiarar sitt arbeid med å famne mangfaldet. Prosjekt som fremjar god læring av framandspråk vil også verte prioritert. Prisen er europeisk, men konkurransen er ikkje avgrensa til europeiske språk.

Det er Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) som er ansvarleg for tildeling av prisen i Norge. I utveljinga vil det blant anna bli prioritert prosjekt som fremjar sosial inkludering og mangfald, betrar kvaliteten i språkopplæringa og styrkjer motivasjon for språklæring.

Les meir om prisen og søknad på SIU si heimeside.

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord