Ressursar til uttaleundervisning

NAFO har samla ressursar som kan vere til hjelp i arbeid med uttale. Nokre av ressursane kan elevar og deltakarar arbeide med på eiga hand, andre kan vere til inspirasjon og nytte for lærarar.

Fokus på uttale

Uttaleundervisning spelar ofte ei mindre rolle enn grammatikk- og ordforrådsundervisning i andrespråksklasserommet (Husby 2015), og undervisninga dreiar seg ofte om uttale av enkeltlydar. Men forskarar argumenterer for at det er grunn til å ha eit større fokus på aspekt som trykkplassering, prosodi og intonasjon (Husby og Kløve 1998; Harnæs 2008). Øvingar som dramatisering og rollespel kan nyttast for å fokusere på desse aspekta. I denne filmen kan ein sjå eit eksempel frå Sverige der nyankomne elevar i ungdomsskulen arbeider med uttale gjennom drama:

Samanlikning av språk

Å samanlikne lydinventaret i morsmålet og norsk kan vere bevisstgjerande for både innlæraren og læraren. Læraren kan hente informasjon om morsmålet til elevane frå kontrastive analysar, som kan hjelpe til å forstå kva ein bør prioritere å bruke tid på i uttaleundervisninga. Elevane/deltakarane bør få hjelp til å sjå fellestrekk og ulikskap i lydinventara ved å samanlikne språka. Ein kan sjå eit enkelt døme på dette på barnetrinnet i denne filmen:

Digitale ressursar
  • Uttale.no er ein ressursbank for elevar og lærarar med videoar, PowerPoint til bruk i klasserommet, diktatar og kvissar. Sida er laga av Cecilie S. Knudsen som er universitetslektor i norsk for utlendingar ved NTNU.
  • Multisensorisk uttaleundervisning presenterer ein metode for uttaleundervisning, utarbeidt av norsklektor Snorre Karkkonen Svensson, med informasjon om norsk uttale og forslag til aktivitetar i klasserommet.
  • Programmet CALST (Computer-Assisted Listening and Speaking Tutor) lar elevane/deltakarane øve uttale av ord og uttrykk på åtte norske dialektar med oppgåver tilpassa morsmålsbakgrunn. Programmet er utvikla ved NTNU.
  • Appen Norwegian Pronunciation byggjer på same teknologi som CALST og er også utvikla ved NTNU. Appen har uttaleøvingar tilpassa morsmålsbakgrunn. Den kan lastas ned for iPhone og Android.
  • Videoførelesningar med førsteamanuensis ved NTNU Olaf Husby om mellom anna uttaleundervisning og trykk, lengde og tonelag
Litteratur

Harnæs, L. A. (2008). Uttale og uttaleopplæring i norsk som andrespråk. I E. Selj & E. Ryen (Red.), Med språklige minoriteter i klassen (2. utg). Oslo: Cappelen Damm akademisk.

Husby, O. (2015). Andrespråk og uttale. I K. M. Eide (Red.), Norsk andrespråkssyntaks. Oslo: Novus forlag.

Husby, O. & Kløve, M. H. (1998). Andrespråksfonologi. Teori og metode. Oslo: Ad Notam Gyldendal.

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord