Romfolkets dag

8. april er den internasjonale romdagen

Den internasjonale romdagen blei innstifta på den første verdskongressen for romfolk som fann stad i London i 1971.

Historisk bakgrunn

Romfolket kjem opphavleg frå det indiske subkontinentet, og utvandra for om lag 1000 år sidan. I Europa er dei truleg registrert skriftleg så tidleg som på 1300-talet. Til Noreg kom dei i byrjinga av 1500-talet. Gruppa er i Noreg omtalt både som romfolk og rom. Rom er det offisielle namnet.

Rom ein nasjonal minoritet i Noreg

Rom fekk status som nasjonal minoritet i Noreg i 1999, etter at styresmaktene hadde ratifisert Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoriteter av 1994. Utgangspunktet for at Europarådet vedtok denne konvensjonen, var eit historisk medvit om at minoritetar ofte har vore diskriminerte og forfølgde. Målet var å styrke arbeid for menneskerettar overfor nasjonale minoritetar i Europa. Les meir om norske rom på HL-senteret si heimeside.

Undervisningsressursar
Nasjonaleminoriteter.oslomet.no
Her finn du undervisningsopplegg og ressursar til ungdomstrinn og vidaregåande

 

Minstemme.no
Her er det mellom anna undervisningsopplegg om nasjonale minoritetar for barnehage og barnetrinn.
Les meir om nasjonale minoritetar
Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord