Sámi álbmotbeaivi

Den 6. februar er det feiring av Samenes nasjonaldag. Dagen som også blir kalla Samefolkets dag, blei feira for første gong i 1993, på same tid som FNs internasjonale urbefolkningsår blei offisielt opna i Karasjok.

Ein dag for alle samar

Avgjerda om ein samisk nasjonaldag blei tatt på den nordiske samekonferansen i 1992, og dagen feirast både i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Datoen for feiringa blei valt til minne om det første samiske landsmøtet som fann stad i februar 1917. Dette var første gong nord- og sørsamar frå Noreg og Sverige samla seg til eit stort møte for å drøfte felles problemstillingar på tvers av landegrensene. Dette møtet la grunnlag for arbeid samane seinare har gjort i fellesskap for å sikre folkerettsleg og demokratisk likeverd.

Markering av dagen

Samenes nasjonaldag blir markert fleire stader i landet, mellom anna ved Eidsvollsbygningen der ein representant frå Samerådet og stortingspresidenten held talar og i Kautokeino der 10. klassen ved ungdomsskolen er arrangør, og der det også er markeringar i kyrkja, ved helsesenteret og i idrettshallen. Dagen er offisiell flaggdag i Noreg.

Undervisningsressursar knytt til den samiske nasjonaldagen
  • Samene – tospråklige undervisningsopplegg: Tema Morsmål har laga tospråklege undervisningsopplegg om samefolkets dag for 4.-7. trinn på 12 forskjellige språk. Her finn du tekster, oppgåver, filmar, digital oppgåve og nyttige nettsider.
  • minstemme.no: Her finn du mellom anna artiklar, videoar, oppgåver og quizar om samefolket.
  • Nasjonaldag og nasjonale symbol: Les meir om den samiske nasjonaldagen og om ressursar for barnehage og skole på Sametinget si heimeside.
  • Tilbakestill glemt passord
    Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord