Eid vidaregåande skule, Nordfjordeid

Eid vgs 3
Eid vidaregåande skule ligg sentralt i Nordfjord i Eid sentrum. Skulen er samlokalisert med Operahuset Nordfjord. Skulen har 380 elevplassar innan utdanningsprogram for studiespesialisering, design og handverk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon. I tillegg har skulen ei innføringsklasse for minoritetsspråklege elevar. Totalt har skulen 87 tilsette. Eid vidaregåande er ein aktiv regional utviklingsaktør som samhandlar tett med lokalt arbeidsliv og kulturliv.

Innføringsklasse
Sogn og Fjordane er delt i 4 regionar med ei innføringsklasse i kvar region. Eid vidaregåande skule har frå skuleåret 2009-10 hatt innføringsklasse med 10 elevplassar. Etter året i innføringsklassen er det tenkt at elevane skal søkje inntak på VG1.

Innføringsklassen har eit opplegg med 25 t undervisning pr. veke i følgjande fag: Norsk, samfunnsfag, naturfag, matematikk, kroppsøving, engelsk, IKT og kommunikasjon/kultur. Målet med opplæringa er å nå kompetansemåla for 10. klasse i ungdomsskulen.

Målgruppa er elevar i alderen 16 – 19 år, som har ein viss bakgrunn i norsk, men som ikkje vil ha utbyte av opplæring i ordinær klasse i vidaregåande skule.

Deltaking i innføringsklassen går ikkje av retten til vidaregåande opplæring. Når elevane har gjennomført året i innføringsklassen, har dei framleis 3 år att av retten til vidaregåande opplæring.

Samarbeid med ungdomsskulen
Dette skuleåret har Eid vgs. eit lærerikt og kjekt samarbeid med Eid ungdomsskule. Ei gruppe elevar ved Eid ungdomsskule har valfaget «internasjonalt samarbeid». Gjennom ulike spel og aktivitetar har elevane lært kvarandre å kjenne. Les meir om samarbeidet her.

Lenke til skulen si nettside

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord