Samarbeid med nasjonale sentre

Det er elleve nasjonale sentre i opplæringa med ansvar for kvar sine fagområde, som skal bistå barnehagane i å stimulere og utvikle det pedagogiske arbeidet. Du finn forslag til ein mengde aktuelle pedagogiske ressursar med relevans for rammeplanen på sentras heimesider. Mange av desse ressursane tar utgangspunkt i god praksis som spinner ut av kompetente, kreative og engasjerte barnehageansatte sine behov for å gi eit så godt pedagogisk tilbod som mogleg til barnehagebarna. Oversikt og lenker til sentra finn du på nasjonalesenter.no

VEILEDNINGSHEFTE: MÅLTIDET SOM PEDAGOGISK ARENA
For å inspirere barnehagar i måltidsarbeidet har NAFO, saman med sju av dei andre nasjonale sentera, utvikla eit hefte som viser korleis ulike fagområde kan integrerast i måltidet.

Last ned veiledningsheftet: Måltidet som pedagogisk arena (pdf)

 
 

BROSJYRE
I 2010 laga åtte av sentra ei brosjyre som kort presenterer ulike måter å nærme seg eit tema på. For å illustrere desse sentras tilbod, tok vi utgangspunkt i eit konkret prosjekt, og vi viser her korleis ein kan fordype seg i samme tema med utgangspunkt i ulike fagfelt. Prosjektet «Jeg» var éin av vinnarane av Den nasjonale barnehageprisen for kunst og kultur i 2010. Temaet «Jeg» er aktuelt for alle barnehagar og kan vere ein spanande og lærerik innfallsport til arbeid med ulike fagområde.
Brosjyren kan du laste ned her.

 
 

FILMAR
Dei nasjonale sentra har publisert tre små filmar som viser korleis barnehagar kan arbeide med heilskapleg læring og å skape samanhenger på tvers av fagområde i rammeplanen. Noe så enkelt som eit egg kan nyttast til å opne opp ein rik verd saman med barna. Filmane finn du på barnehagefilm.no. Der kan du også lese meir om korleis filmane kan nyttast som utgangspunkt for fordypning i dei ulike fagområda.

Les meir og se filmane her

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord