Eksamen våren 2020

I denne artikkelen finn du informasjon om privatisteksamen i norsk for elevar i vgo med kort butid i Noreg. Eksamen for privatistar vil gå som normalt våren 2020. Elles har Regjeringa bestemt å avlyse alle eksamenar i vidaregåande skole og på 10. trinn i grunnskolen. Les meir om Eksamen, standpunkt og vitnemål 2020 (udir.no)

Resursar

Utdanningsdirektoratet har laga ei eksamensrettleiing om vurdering av eksamenssvar i norsk for elevar med kort butid. På Utdanningsdirektoratets nettside er det òg lenker til tidlegare eksamenssvar og førebuingsmateriell. Dette materiellet skal vere tilgjengeleg for elevane, men det er passordbeskytta. Privatistar må kontakte eksamenskontoret i sitt fylke for å få passord. Gå til Utdanningsdirektoratets side med rettleiingar, førebuingsmateriell og eksamensoppgåver.

Nettordbok på 18 språk

Nettordboka LEXIN har ordforklaringar på norsk og 17 andre språk. Ordboka kan nyttast ved eksamen.

Teknisk informasjon om LEXIN

For å opne LEXIN for elevane under eksamen må følgjande url’ar vere opne (whitelisted):

  • https://lexin.oslomet.no
  • https://editorportal.oslomet.no
  • https://speech10.leseweb.dk
  • https://speech.leseweb.dk
  • https://rawfiles.leseweb.dk
  • https://stackpath.bootstrapcdn.com
  • https://cdn.polyfill.io
  • https://fonts.googleapis.com
  • https://stackpath.bootstrapcdn.com

Eksamen i framandspråk

For informasjon om eksamenar i framandspråk sjå artikkel om eksamen i framandspråk våren 2020 på Tema Morsmål.