Førde internasjonale kor

Førde internasjonale kor er eit lågterskelkor der alle stemmer er velkomne. Koret vart starta opp for å skape ein møteplass og ein lett tilgjengeleg arena for kulturdeltaking i Førde, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Førde kommune, Førde Røde Kors og KIA Førde. Musikkterapeut Jorunn Bakke Nydal frå fylkeskommunen leiar det internasjonale koret.

Arena for inkludering, musikkoppleving og samhald

Dette året har vel 80 menneske vore innom øvingane i bystyresalen i Førde sitt nye rådhus. Kor er ein av få arenaer der ein kan delta uavhengig av dugleik i norsk, bakgrunn, kompetanse og alder. Førde internasjonale kor har vorte ein møtestad der innvandrarar, flyktningar og asylsøkjarar treffer nordmenn i eit musikalsk fellesskap, med sosialt samvær over ein kaffekopp etterpå, der kontakt og venskap oppstår.

Digital fortelling

Korsong er ei kjelde til musikalske opplevingar, meistring, fellesskap, utvikling, glede og varme. Gjennom ein digital forteljing i form av korte videoar har studentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane avd. helsefag jobba tett med fleire av medlemmane i koret og satt saman deira eigne forteljingar om opplevinga rundt det å delta i koret.
Digital fortelling om Førde internasjonale kor