Regelverk

Opplæringa av minoritetsspråklege elevar følgjer same regelverk som all anna opplæring i skolen. Men det finst også reglar som gjeld spesifikt for minoritetsspråklege. På denne sida finn du lovar og reglar, samt læreplanar som gjeld for minoritetsspråklege elevar i grunnskolen.

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
Kapittel 2 i lova gir reglar for grunnskoleopplæringa.

Forskrift til opplæringslova

Regelverket for minoritetsspråklige 6 – 16 år – Barn og unge i grunnskolealder
Rundskrivet omhandlar rettigheiter for barn av asylsøkarar, særskild språkopplæring, morsmålsopplæring, kartlegging og innføringstilbod.

Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter
Læreplanen er aldersuavhengig og nivåbasert og kan brukast både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Elevar som følgjer planen, får ikkje vurdering med karakter. Det er utarbeidd kartleggingsverktøy i tilknyting til planen. Når elevane har nådd måla for nivå 3 i læreplanen, skal dei følgje ordinær norskopplæring og bli vurdert i samsvar med denne.

Læreplan i morsmål for språklige minoriteter
Læreplanen er aldersuavhengig og nivåbasert og kan brukast både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Elevar som følgjer planen, får ikkje vurdering med karakter. Planen kan nyttast til elevane kan følgje opplæring etter ordinær læreplan i norsk.

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord