Heim-skole-samarbeid

I august skal mange skolar ta imot elevar og foreldre som ikkje har så mykje erfaring med norsk skole og norsk språk. Korleis etablere eit godt samarbeid med desse familiane?

Gjensidig og likeverdig samarbeid

Eit godt samarbeid mellom skole og heim er viktig for trivselen og læringsutbyttet til elevane. Skolen har ansvar for å leggje til rette for ein gjensidig og likeverdig dialog med foreldre, også der foreldre snakkar eit anna språk enn norsk. Eit godt samarbeid inneber altså meir enn berre å informere. Det er viktig at forventningane skole, foreldre og elevar har til kvarandre vert tydeleg uttalt og forstått av alle partar. Først da kan samarbeidet seiast å vere likeverdig og gjensidig.

Nye sider om heim-skole-samarbeid

NAFOs side Hjem-skole-samarbeid i grunnskolen er no oppdatert. Her kan du sjå filmar og lese om korleis skolen kan leggje til rette for ein god dialog med fleirspråklege foreldre gjennom mellom anna eit godt første møte, gode foreldremøte og bruk av tolk. Du kan òg finne døme på korleis nokre kommunar og skolar arbeider for å skape eit godt samarbeid med heimen.

Ekskursjonar og leirskole

Mange foreldre kan synest det er uvant og framand at grunnskolen også inneber ekskursjonar og overnattingsturar. Utdanningsdirektoratet har laga ein film som heiter «På tur», og NAFO har utarbeidt ein brosjyre. Begge delar er omsett til fleire språk. Materiellet er laga for å informere og motivere foreldre til å la barna deira delta på turar og leirskole.

Informasjon om ekskursjonar og leirskole på fleire språk (morsmal.no)

Informasjon til fleirspråklege familiar

Informasjonsheftet Barn i flerspråklige familier gir svar på 10 spørsmål som foreldre ofte stiller om barns fleirspråklege utvikling. Heftet kan vere eit godt utgangspunkt for samtale og er aktuelt både for foreldre, tilsette i barnehagar og skolar og på helsestasjonar. Heftet blei oppdatert med lydfiler på fleire språk i 2019 og er no omsett til 19 språk i tillegg til norsk.

Les meir

Hjem-skole-samarbeid
Ekskursjoner og leirskole
Veiledning til foreldre (morsmal.no)
Tospråklig materiell (morsmal.no)