Møt oss og meitemarken på Forskingstorget!

Fleire fagmiljø presenterer forskinga si på ein morosam og interaktiv måte på Forskingstorget, som er ein del av Forskingsdagane. I år er Forskingstorget på Universitetsplassen på Karl Johan i Oslo 20. og 21. september. Torget er for alle aldersgrupper, og skoleklassar og barnehagar er spesielt velkomne.

Forskingstorget i år

Miljø er temaet på Forskingstorget i år. På torget kan du prøve, eksperimentere, lære og komme i nær kontakt med spennande forsking. Det vart over 30 stender, og NAFO og naturfagseksjonen ved OsloMet stiller med eigen stand med tittelen Livet, vatnet meitemarken og sånt. Der kan du lære om kor viktig vatnet og meitemarken er for livet på jorda, og ta og sjå på ekte meitemarkar. Du kan også høre forteljingar om meitemarken på fleire språk.

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord