NAFOs aktivitetar hausten 2019

Eit nytt barnehage– og skuleår er rett rundt hjørnet. Her kjem informasjon om nokre av NAFOs aktivitetar denne hausten.

Fleksibel opplæring utvidar

Skuleåret 2019/2020 deltek over 300 elevar på til saman 41 ungdomsskular, vaksenopplæringssenter og vidaregåande skular i Fleksibel opplæring. Dette er eit pilotprosjekt der elevane får tospråkleg opplæring i naturfag og matematikk på nettet. På NAFO er det nå sju tospråklege lærarar som underviser på språka arabisk, somalisk og tigrinja. Lærarar og rektorar ved deltakarskulane blir inviterte til ein fagdag på OsloMet 16. og 17. september.

Tema Morsmål jubilerer

I år er det ti år sidan Tema Morsmål blei lansert i Noreg. I dette høvet arrangerer vi ein fagdag den 15. oktober for tospråklege lærarar, barnehagelærarar, assistentar og spesielt innbodne deltakarar. Vi kan nemne at fagdagen set fokus på god praksis, bruk av tospråklege ressursar og tilrettelegging i kommunar. Fagdagen blir strømma, og adressa vil bli lagt ut på morsmal.no god tid i førevegen.

Samarbeid med Kompetanse Norge

NAFO har eit prosjekt i samarbeid med Kompetanse Norge. Fire vaksenopplæringsverksemder driv med utviklingsarbeid knytt til lesing og skriving på tvers av fag. 17. oktober arrangerer NAFO ein felles fagdag der dei som er involverte i prosjektet, skal møtast og utveksle erfaringar.

Opplæring for unge med kort butid i Noreg

Den 18. og 19. november arrangerer NAFO i samarbeid med IMDI ein konferanse for dei som gir opplæringstilbod for elevar frå 16 – 24 år med kort butid. Målgruppa for konferansen er skuleleiarar og lærarar i både fylkeskommunar og kommunar. Konferansen vert halden på OsloMet. Påmeldinga startar i september.

Samling for grunnskular

29. november inviterer NAFO til samling på OsloMet for grunnskular som vi samarbeider med. Denne samlinga erstattar tidlegare fokustreff. Følg med, invitasjon kjem i byrjinga av september.

NAFO-konferanse 2020

Vi er i full gang med å planlegge neste NAFO-konferanse som blir halden 26. og 27. mars 2020. Informasjon og påmelding kjem etter kvart og vert lagt ut på NAFO si heimeside.

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord