Plakatar

Alle treng å kjenne seg trygge for å kunne lære. Å bli sett og anerkjent av læraren og dei andre elevane eller barna er viktig for god utvikling. Arbeid for eit inkluderande fellesskap der ein opnar opp for eit rikt språkleg og kulturelt mangfald er derfor grunnleggande i all opplæring. Det å kunne snakke fleire språk er ein rikdom. Når ein oppdagar at det finst eit utal av måtar å uttrykke det same på, vil ein ofte bli nysgjerrige og få inspirasjon og motivasjon til å lære meir. Ei slik interesse er eit godt utgangspunkt for vidare språkleg utforsking og språklæring. Her finn du dekorative plakatar du kan skrive ut.

Hei-plakat