Særskild språkopplæring i ny opplæringslov

Regjeringa har lagt fram forslag til ny opplæringslov. Lova skal etter planen gjelde frå august 2024. Her er punkta som gjeld særskild språkopplæring.

paragraftegn skrevet med kritt på en tavle.
Foto: AdobeStock

Regjeringa har lagt fram forslag til ny opplæringslov. Lova skal etter planen gjelde frå august 2024. Her er punkta som gjeld særskild språkopplæring.

Framleis rett til særskild språkopplæring

Kunnskapsdepartementet foreslår å vidareføre retten til særskild språkopplæring for elevar med andre morsmål enn norsk og samisk. Det er ikkje foreslått endringar i organiseringa av morsmålsopplæring eller innføringstilbod, men organisering av innføringsopplæringa er regulert i eigne paragrafar.

Forsterka opplæring i norsk og tospråkleg opplæring i fag

Departementet foreslår å endre nemninga særskild norskopplæring til forsterka opplæring i norsk. Dei foreslår også å endre tospråkleg fagopplæring til tospråkleg opplæring i fag. Ifølgje det nye forslaget vil altså særskild språkopplæring omfatte forsterka opplæring i norsk, morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag.

Om kartlegging før vedtak

Departementet foreslår å ikkje vidareføre plikta til å kartleggje norskferdigheitene til eleven før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om særskild språkopplæring. Departementet viser til at plikta er utan formkrav, og at ho ikkje gir fleire plikter enn det som følgjer av forvaltningslova § 17 som mellom anna inneber at kommunen og fylkeskommunen må greie ut saka og gjere nødvendige vurderingar før dei gjer vedtak. Formuleringa i opplæringslova blir derfor vurdert som overflødig, og ei dobbeltregulering. Det har vore eit gjennomgåande prinsipp i den nye opplæringslova at ein skal unngå dobbeltreguleringar – altså reglar som har det same innhaldet som reglar i same eller ei anna lov.

Samstundes understrekar departementet at det er viktig med ein god praksis for å vurdere norskferdigheitene til elevane. Dette er for å sikre at retten til særskild språkopplæring blir varetatt, og at opplæringstilbodet blir tilpassa det individuelle behovet til elevane. Dei nemner også Utdanningsdirektoratet sitt kartleggingsverktøy i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar.

Om kartlegging undervegs i opplæringa

Departementet foreslår å vidareføre dagens regel om at kommunen og fylkeskommunen jamleg skal vurdere om ein elev med vedtak om særskild språkopplæring kan norsk godt nok til å følgje den ordinære opplæringa. Vurderinga skal sikre at elevane får realisert overgangen til den ordinære opplæringa når norskferdigheitene deira tilseier det.

Organisering av innføringsopplæring

Departementet foreslår å vidareføre retten kommunane og fylkeskommunane har til å organisere heile eller delar av opplæringa i eigne klassar, grupper eller på eigne skolar (innføringsopplæring). Dette blir regulert i eigne paragrafar. Det er ikkje foreslått å innføre plikt til skoleeigaren om å tilby innføringsopplæring. Bakgrunna for dette er mellom anna at det er stor variasjon i kommunestorleik og antal elevar med kort butid i Noreg. Samstundes peikar departementet på at enkelte ungdommar som startar i vidaregåande opplæring i dag ikkje har tilstrekkelege føresetnader for å delta i, fullføre og bestå opplæringa. Derfor foreslår dei å gi fylkeskommunane plikt til å ha overgangstilbod for elevar som manglar faglege eller språklege føresetnader slik at dei kan delta i og bestå vidaregåande opplæring.

Paragrafar om særskild språkopplæring

§ 3-6 Særskild språkopplæring i grunnskolen

Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.

Kommunen skal jamleg vurdere om ein elev som har vedtak om særskild språkopplæring kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.

Kommunen kan gjere vedtak om at eleven skal få opplæringa i morsmål på ein annan skole enn den eleven går på.

§ 3-7 Innføringsopplæring for elevar i grunnskolen som har budd kort tid i Noreg

Kommunen kan gi elevar som har budd kort tid i Noreg og har fått vedtak om særskild språkopplæring, heile eller delar av opplæringa i særskilde grupper eller klassar eller på særskilde skolar. Kommunen kan berre gi slik innføringsopplæring dersom eleven eller foreldra samtykkjer.

Kommunen kan gjere vedtak om innføringsopplæring for ein elev for opp til eitt år om gongen, i til saman opp til to år. I vedtaket kan det gjerast unntak frå læreplanar i fag, jf. § 1-4 andre ledd, og fag- og timefordelinga, jf. § 1-6 første og andre ledd.

§ 6-5 Særskild språkopplæring i den vidaregåande opplæringa

Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.

Fylkeskommunen skal jamleg vurdere om ein elev som har vedtak om særskild språkopplæring kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.

Fylkeskommunen kan gjere vedtak om at eleven skal få opplæringa i morsmål på ein annan skole enn den eleven går på.

§ 6-6 Innføringsopplæring for elevar i den vidaregåande opplæringa som har budd kort tid i Noreg

Fylkeskommunen kan gi elevar som har budd kort tid i Noreg og har fått vedtak om særskild språkopplæring, heile eller delar av opplæringa i særskilde grupper eller klassar eller på særskilde skolar. Fylkeskommunen kan berre gi slik innføringsopplæring dersom eleven samtykkjer.

Fylkeskommunen kan gjere vedtak om innføringsopplæring for ein elev for opp til eitt år om gongen, i til saman opp til to år. I vedtaket kan det gjerast unntak frå læreplanar i fag, jf. § 1-4 andre ledd, og fag- og timefordelinga, jf. § 1-6 fjerde ledd.

§ 9-6 Opplæringstilbod i overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa

Fylkeskommunen skal ha eit opplæringstilbod for dei som har rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1, men som manglar faglege eller språklege føresetnader for å delta i eller gjennomføre slik opplæring.

§ 19-8 Særskild språkopplæring for vaksne deltakarar

Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne har rett til særskild språkopplæring etter § 3-6.

Deltakarar i den vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til forsterka opplæring i norsk etter § 6-5 første ledd første punktum.

Les heile lovforslaget her: Prop. 57 L (2022–2023) – regjeringen.no

Kva skjer vidare?

Forslaget til ny opplæringslov må bli vedtatt i Stortinget før det kan tre i kraft. Etter at Stortinget har vedtatt loven, vert det utarbeidd forskrifter. Kunnskapsdepartementet har gitt Utdanningsdirektoratet oppgåva med å utarbeide forskrift til ny opplæringslov og forskrift til endring i privatskolelova (udir.no). Etter planen skal den nye opplæringslova gjelde frå august 2024. Fram til den nye lova er vedtatt og tredd i kraft, gjeld dagens opplæringslov og forskrifter.

Gjeldande lovverk om særskild språkopplæring

§ 2-8. Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar – grunnskulen (lovdata.no)

§ 3-12. Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar – vidaregåande opplæring (lovdata.no)

Særskilt språkopplæring i grunnskolen – NAFO (oslomet.no)

Særskilt språkopplæring i vgo – NAFO (oslomet.no)

Les meir om ny opplæringslov

Kunnskapsministeren har lagt frem forslag til ny opplæringslov – regjeringen.no

Ny opplæringslov skal gjøre flere unge klare for arbeidslivet – regjeringen.no

Forslag til ny opplæringslov lagt frem for behandling i Stortinget (udir.no)