Skolekassa for kombinasjonsklassar

Skolekassa er ei lenkesamling med læringsressursar for minoritetsspråklege elevar. I tillegg til ressursar for elevar på 1. til 10. trinn finn ein no ressursar som passar for innføringstilbod på vidaregåande og kombinasjonsklassar. Kombinasjonsklassar er eit opplæringstilbod til nyankomne ungdommar mellom 16 og 24 år.

Ressursar for kombinasjonsklassar

Kombinasjonsklassar/innføringstilbod (vgo) finst no som eit eige menypunkt. Ressursane er delt inn i faga norsk, samfunnsfag, matematikk, naturfag og engelsk. Norskfaget har fem underkategoriar, og ein finn mellom anna ressursar til skriveopplæring, grammatikk og uttale. Mange av ressursane kan òg passe i vaksenopplæringa.

Fleirspråkleg støtte

Skolekassa skal passe for nyankomne elevar og er bygd opp etter prinsippet om at ho skal vere mest mogleg sjølvinstruerande. Menysystemet og mange av ressursane på Skolekassa finst på språka arabisk, dari, engelsk, kurmandji, pashto og tigrinja.

Bakgrunn

Skolekassa blei oppretta i februar 2016 på grunn av tilstrøyminga av flyktningar. Kunnskapsdepartementet ønskte ein elektronisk portal med læringsressursar og læremiddel som skulle fungere som ei støtte i opplæringstilbodet. Utdanningsdirektoratet har hatt ansvaret for å utvikle portalen i samarbeid med NAFO.

Utvikling av Skolekassa

Vi arbeider kontinuerleg med å oppdatere og utvikle Skolekassa. Våren 2019 kom nynorsk som eit eige språkval. Nettstaden har òg blitt meir mobilvennleg. No arbeider vi med å markere tydeleg kva ressursar det er lisens på, og det vil vere på plass i løpet av hausten. Vi set pris på tilbakemeldingar frå brukarane og tips om ressursar som kan passe for målgruppa. Send oss gjerne ein e-post til: kontakt[at]skolekassa.no

Gå til Skolekassa

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord