Tilskott til læremiddel

Utdanningsdirektoratet lyser kvart år ut tilskott til materiell til prioriterte fagområde i rammeplanen for barnehagar og prioriterte fag i grunnskolen og vidaregåande opplæring.
Dei gir tilskott til å utvikle læremiddel som det ikkje er ein kommersiell marknad for. Dei prioriterer digitale læremiddel/materiell og læremiddel/materiell som er nyskapande. No har direktoratet publisert årets utlysing.

Kva gir dei støtte til?
  • Materiell og læremiddel for minoritetsspråklege barn, elevar og vaksne deltakarar
  • Særskild tilrettelagt materiell og læremiddel for barn, elevar og vaksne deltakarar
  • Læremiddel for smale fag med få elevar på landsbasis
Utlysing for 2019

Utdanningsdirektoratet har no kunngjort utlysinga for 2019. Området minoritetsspråklege har i år desse prioriteringane:

  • Engelsk for nybegynnarar på ungdomssteget og vidaregåande skole
  • Alfabetisering for elevar på ungdomssteget og vidaregåande skole
  • Læremiddel til læreplanar for førebuande vaksenopplæring (FVO)
  • Læremiddel for yrkesfag

Nyutvikling av læremiddel som stimulerer til utforsking, kreativitet og problemløysing saman med andre elevar vil bli prioriterte. Det er ønskeleg med læremiddel som støttar tospråkleg opplæring. For yrkesfag og FVO vil det telle positivt at læremiddelet også er tverrfagleg og støttar både norsk- og fagundervisning.

Prioriterte språk: Arabisk, somali, tigrinja, kurdisk, dari, pashto, polsk og litauisk

Korleis søke?

Les meir om utlysinga og finn søknadsskjema på udir.no: Tilskott til læremiddel
Søknadsfristen er 30.08.2019

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord