Stipend til minoritetsspråklege lærarar

Det er nå lyst ut stipend til minoritetsspråklege lærarar for studium som gir formell kompetanse for undervisning i skulen.

Målgruppe

Målgruppa er lærarar utan formell undervisningskompetanse som ønsker å starte opp, eller vidareføre utdanning for å få godkjent formell kompetanse. Dei som kan søke stipend, er minoritetsspråklege lærarar som har eit anna morsmål enn norsk, samisk, dansk, svensk, engelsk, fransk eller tysk.

Kva for studium er omfatta av ordninga?

Stipend blir innvilga for å gjennomføre studium som inngår i ei lærarutdanning, og som tilfredsstiller krav for tilsetting i undervisningsstilling. Det kan vere heile eller delar av alle typar lærarutdanning gitt ved norske høgskular og universitet. Stipendordninga omfattar ikkje påbygging på allereie godkjent lærarutdanning i Noreg, bortsett frå påbygging av lærarutdanning for tospråklege lærarar (bachelor).

Korleis søkje?

Søknad må leverast til skuleleiar, som vil sende søknaden vidare til skuleeigar. Skuleeigar vurderer søknadene, prioriterer og innstiller søkjarar.

Gå til utlysinga med fristar og storleik på stipendet.