Norskfaget i vidaregåande

Nokre elevar har vedtak om særskilt norskopplæring. Les meir om særskilt språkopplæring her. Også elevar utan eit slikt vedtak kan trenge språklege tilpassingar for å få oppfylt si rett til tilpassa opplæring.

Læreplanar

Elevar som har vedtak om særskilt norskopplæring i vidaregåande, kan få opplæring med utgangspunkt i tre ulike læreplanar. På grunn av Fagfornyelsen er det nå fleire gjeldande planar.

Norsk for elevar med kort botid

Læreplan i norsk for språklige minoriteter med kort botid i Norge – videregående opplæring (NOR09‑04)

Læreplan i grunnleggende norsk

Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter (NOR07‑02)

Ordinær læreplan i norsk med tilpassingar

Læreplan i norsk (NOR01‑06)

Filmar frå klasserommet

Undervisning i innføringstilbud på videregående

Filmen viser blant anna korleis ein kan arbeide med argumentasjon i norsk og samfunnsfag, og korleis forkunnskapane til elevane kan vere ein ressurs i undervisninga. Det blir lagt vekt på munnlege aktivitetar, både i par, grupper og heil klasse.

Bilde av en lærer som holder opp tre fingre og snakker med to elever

Norskundervisning i videregående skole

Filmen viser eit døme på korleis ein kan tilpasse for minoritetsspråklege elevar i den ordinære norskundervisninga. Læraren legg opp til varierte muntlege aktivitetar slik at alle elevar kjem til orde. Dei arbeider i par, grupper og heil klasse. Gjennom grundig muntleg forarbeid får elevane aktivert forkunnskapane og utvida omgrepa sine før dei sjølv skal skrive ein tekst.

Bilde av fire elever som jobber i gruppe

Nyttige nettstader

Skolekassa – Ei samling av digitale ressursar mellom anna for elevar i kombinasjonsklassar og innføringstilbod på vidaregåande.

Nynorsk for minoritetspråklege – Nettsida er ein ressursbase for skulen oppretta av Nynorsksenteret.