Norskfaget i grunnskole for vaksne
På denne sida finn du informasjon og læringsressursar til norskfaget for deltakarar i grunnskole for vaksne som ikkje har norsk som morsmål. Vaksne med andre morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring om det er naudsynt for at dei skal få forsvarleg opplæring. Nokre deltakarar kan ha behov for grunnleggande lese- og skriveopplæring.
Les meir om særskild språkopplæring i grunnskole for vaksne
Les meir om alfabetisering
Læreplanar
Læreplan i norsk
Læreplan i norsk for FVO
Vaksenopplæringsinstitusjonar som deltar i modulforsøket med førebuande vaksenopplæring, bruker Forsøkslæreplan i norsk for språklige minoriteter (pdf). Det finst ein grunnmodul for deltakarar som trenger grunnleggande lese- og skriveopplæring: Forsøkslæreplan i norsk for språklige minoriteter – grunnmodul (pdf).
Filmar med eksempel frå praksis
Nordlig regnbue
Deltakarane ved Levanger voksenopplæring (tidlegare Sjefsgården vaksenopplæring) får jamleg sjansen til å skrive for lokalavisa. Filmen viser heile prosessen frå idémyldring til ferdige avissider. Deltakarane vel sjølv kva dei vil skrive om, og undervegs i skriveprosessen rettleiar læraren i tillegg til at deltakarane hjelper kvarandre.

Undervisning i innføringstilbud på videregående
Filmen viser blant anna korleis ein kan arbeide med argumentasjon i norsk og samfunnsfag, og korleis forkunnskapane til elevane kan vere ein ressurs i undervisninga. Det blir lagt vekt på munnlege aktivitetar, både i par, grupper og heil klasse.
Læringsressursar
Skolekassa – Ei samling av digitale ressursar for minoritetsspråklege elevar og deltakarar. Ein finn ressursar innanfor lesing, skriving, uttale, ordforråd og meir.