Regelverk for minoritetsspråklege elevar i grunnskolen

Opplæringa av minoritetsspråklege elevar følgjer same regelverk som all anna opplæring i skolen. Men det finst også reglar som gjeld spesifikt for minoritetsspråklege. På denne sida finn du lovar og reglar, samt læreplanar som gjeld for minoritetsspråklege elevar i grunnskolen.

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Ny opplæringsforskrift og privatskoleforskrift | udir.no

Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter
Læreplanen er aldersuavhengig og nivåbasert og kan brukast både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Elevar som følgjer planen, får ikkje vurdering med karakter. Når elevane har nådd måla for nivå 3 i læreplanen, skal dei følgje ordinær norskopplæring og bli vurdert i samsvar med denne.

Læreplan i morsmål for språklige minoriteter
Læreplanen er aldersuavhengig og nivåbasert og kan brukast både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Elevar som følgjer planen, får ikkje vurdering med karakter. Planen kan nyttast til elevane kan følgje opplæring etter ordinær læreplan i norsk.