Mangfald og inkludering

Alle treng å kjenne seg trygge for å kunne lære. Å bli sett og anerkjent av læraren og dei andre elevane eller barna er viktig for god utvikling. Arbeid for eit inkluderande fellesskap der ein opnar opp for eit rikt språkleg og kulturelt mangfald er derfor grunnleggande i all opplæring. Alle elevar og barn i barnehagen treng at den kulturelle og språklege bakgrunn deira blir verdsett. Som lærarar kan vi opne for dette på ulike måter.

Eit inkluderande og mangfoldig fellesskap

Informasjonshefte: Barn i flerspråklige familier

Informasjonsheftet tar opp ti spørsmål som foreldre ofte stiller om den fleirspråklege utviklinga til barna. I tillegg er heftet retta mot tilsette i barnehagar og skolar og på helsestasjonar, og det kan brukast som eit utgangspunkt for samtale med foreldra om den fleirspråklege utviklinga til barna. Heftet finst på ei rekke språk i tillegg til bokmål og nynorsk. På nokre språk finst det også som lydfiler.

Se heftet «Barn i flerspråklige familier».

Feiring av morsmålsdagen

Få tips og idear til feiring av morsmålsdagen på Tema Morsmål.

Høgtidskalender

Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) har publisert ei oversikt over høgtider. Høgtidskalenderen gir ikkje ei komplett oversikt over alle høgtidsdagar som finst i det fleirreligiøse Noreg, men inneheld nokre av dei viktigaste høgtidsdagane.

Plakatar til å skrive ut og henge opp

Hei-plakat

Ein plakat med hei på mange ulike språk du kan trykke ut og henge opp. På Tema Morsmål kan du finne fleire ressursar, til bruk i eit fleirspråkleg opplæringsrom.

«Fleirspråklegheit er gull»

Det å kunne snakke fleire språk er ein rikdom for dei fleirspråklege barna, men at det blir brukt fleire språk i barnehagen er ein ressurs også for dei barna som snakkar berre eitt språk. Alle kan profittere på at barnehagen har tilgang til fleire språk. Når barn oppdagar at det finst eit utal av måtar å uttrykke det same på, vil dei ofte bli nysgjerrige og få inspirasjon og motivasjon til å lære meir. Ei slik interesse er eit godt utgangspunkt for vidare språkleg utforsking og språklæring.

Barnehagen kan jobbe med dette på mange måtar. Her finn du fire dekorative plakatar i A3-format med nokre tips til korleis.

Hent ned plakatene på bokmål her:

Plakat bokmål 1
Plakat bokmål 2
Plakat bokmål 3
Plakat bokmål 4

Hent ned plakatene på nynorsk her:

Plakat nynorsk 1
Plakat nynorsk 2
Plakat nynorsk 3
Plakat nynorsk 4

Plakat – fyll inn verb på fleire språk

NAFO tilbyr ein plakat av barn i ulike aktivitetar, der det kan fyllast inn verb som beskriv leik og aktivitet på ulike språk.
Plakat utan tekst
Plakat somali
Plakat bokmål

Mangfold og inkludering på læringsmiljøesenteret

Læringsmiljøesenteret har laga ei side om om mangfald og inkludering i skolen. 

Meir om: