Regelverk

På denne sida finn du informasjon om sentrale føringar for vaksenopplæring.

Integreringslova

Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova) erstatta i 2021 introduksjonslova. Integreringslova omfattar personar som har fått eller får opphaldsløyve i Noreg etter 1. januar 2021. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har laga ein kort informasjonsfilm om integreringslova.

For fordrivne frå Ukraina med kollektivt vern er det innført særlege reglar for introduksjonsprogram og opplæring i norsk. Desse mellombelse endringane er regulerte i eit tilleggskapittel i integreringslova: Kapittel 6A Midlertidige regler for personer som har fått oppholdstillatelse etter utlendingsloven § 34.

Læreplanane i norsk for vaksne innvandrarar og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar er forskrifter til integreringslova.

Opplæringslova

Nyankomne innvandrarar kan ha rett etter både integreringslova og opplæringslova.

Grunnskole

Vaksne har rett til grunnskuleopplæring dersom dei er over opplæringspliktig alder, har behov for grunnskuleopplæring og har lovleg opphald i Noreg. Retten til grunnskule for vaksne gjeld også personar som har fullført grunnskulen, men som likevel treng meir grunnskuleopplæring. Vaksne sin rett til grunnskule er regulert i opplæringslova kapittel 4A.

Vaksne skal få tilbod om realkompetansevurdering før inntak til grunnskule slik at ein kan tilpasse opplæringa etter behova til den einskilde deltakaren. Det kan ikkje stillast krav om norskferdigheiter for å få rett til grunnskuleopplæring for vaksne, og kommunen har ansvar for tilbodet. Les meir på Grunnskole for voksne | udir.no.

Ny opplæringslov blir sett i verk august 2024. Samstundes blir det nye modulbaserte læreplanar for vaksne i grunnopplæringa, FOV og VOV. FOV står for førebuande opplæring for vaksne og gjeld for nivået under vidaregåande. VOV står for vidaregåande opplæring for vaksne. Frå august 2024 blir 13 lærefag tilbydde som modular for vaksne i vidaregåande opplæring.

Vaksne sin rett til vidaregåande opplæring

Vaksne som har fullført grunnskuleopplæring eller tilsvarande opplæring, men ikkje har studiekompetanse eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne frå det skuleåret dei fyller 19 år. Det gjeld også personar som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg. 

I ny opplæringslov er det også innført rett til yrkesfagleg rekvalifisering. Det vil seie at personar som har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, har rett til vidaregåande opplæring fram til éin ny sluttkompetanse innanfor eit yrkesfagleg utdanningsprogram.

Les meir om vaksne sin rett til vidaregåande opplæring i ny opplæringslov kapittel 18.

Spesialundervising for vaksne

Personar som ikkje får tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervising. Les meir på Spesialundervisning for voksne | udir.no.