Med hjarte for tilpassa opplæring

På Askøy vidaregåande skule utanfor Bergen arbeider Helge Jordal som programfaglærar på bygg- og anleggsteknikk. Han har eit hjarte for tilpassa opplæring. «Når ein jobbar med ungdom, handlar det mykje om relasjonar», seier han.

Portrett av Helge Jordal på verkstedet
Helge Jordal er byggfaglærar ved Askøy vidaregåande. Foto: Katarina Hundal



Askøy vidaregåande skule ligg på Askøy, utanfor Bergen og er ein skule med mellom 700 og 800 elevar fordelt på fem ulike programområde, i tillegg til tilrettelagt opplæring og allmennfagleg påbyggingsår. NAFO er på besøk for å lære meir om yrkesfag og for å høyre korleis dei tilsette jobbar språkutviklande i yrkesfaga. På skulen myldrar det av elevar i gangar, i klasserom, på verkstadar og i øvingsrom. Midt i mylderet møter vi programfaglærar Helge Jordal, som underviser i bygg- og anleggsfag på vg2. Vi slår av ein prat om korleis ein kan ta vare på nykomne og minoritetsspråklege elevar i skulen, og han deler av erfaringane sine etter åtte år på yrkesfag.

Gjennom samtala med programfaglærar Helge Jordal forstår vi at han, i likskap med mange yrkesfaglærarar, har ein pedagogisk praksis som på mange måtar er god for elevar som har kort butid i Noreg. Samstundes veit vi òg at pedagogikk for andrespråkselevar ofte også er til fordel for mange av dei andre elevane.

At Jordal har fleire erfaringar med nykomne elevar kjem tidleg fram i samtala. Kva tenkjer du er særleg viktig med omsyn til å ta imot nykomne elever?, spør vi han.

Det er viktig at dei forstår kva dei kjem til, at dei ikkje berre blir plassert. Dei må ha informasjon på lik linje med andre elevar; alle treng god informasjon på eit språk dei forstår før dei skal søke vidaregåande opplæring.

Det er sjølvsagt ikkje vanskeleg å vere einig med han i dette. Fleire gongar i samtala vår blir omgrepet «å møte elevane der dei er» nytta, og vi ber Helge om å utdjupe kva han legg i det.

Når ein jobbar med ungdom, handlar det mykje om relasjonar. Så har ein eit fag ein ønskjer å formidle i tillegg. Når eg tar imot ei ny gruppe elevar, må eg sjå korleis ho er og byggje undervisninga vidare frå det.

Kartlegging av kunnskap

Helge fortel vidare at dei i oppstarten av VG2 og fram mot haustferien kartlegg kva elevane har fått med seg av arbeidet på VG1. Dette gjer dei ved å bruke tida på heilt enkle ting som måling, verktøybruk og materialkunnskap, og ved å repetere grunnleggjande ferdigheiter som elevane må ha på plass.

Det er ikkje berre minoritetsspråklege elevar som nyt godt av repetisjonen. Det er mange elevar som har gløymt mykje over ein lang sommarferie. Tidlegare har eg opplevd at vi har kome til jul i VG2 og at nokre elevar var usikre på til dømes måleeiningar som millimeter eller korleis ein brukar enkle verktøy. Då synest dei det er flautt å seie at dei ikkje forstår, men dei treng verkeleg denne kunnskapen for å komme vidare.

Språk er viktig

Stadig kjem det elevar forbi som slår av ein prat med Helge. Det understrekar nett kor viktig det relasjonelle er i undervisning av ungdommar og kor viktig det er at elevane forstår kva som skjer i klasserommet. Språk er viktig, seier Helge, og vi spør om han kan fortelje meir om korleis han jobbar med språk i klasserommet.

Det er viktig at dei forstår kva dei skal gjere når dei er her. Vi kan byrje med heilt enkle oppgåver og bruke videoar som bildestøtte. Det faglege er éi side, men det sosiale er òg viktig. Elevane må bli medvitne dei sosiale måla, dei som krevst for å delta i eit arbeidsliv og bli profesjonelle utøvarar i yrket. Til dømes skal du møte opp presis, du skal samarbeide og kommunisere med andre. Det er difor språk er så viktig. Dei må gjere seg forstått når dei er ute i bedrift. Det faglege kjem som regel etter kvart. Men er dei medvitne på kva dei går til, er det kanskje ein motivasjonsfaktor i seg sjølv.

Helge Jordal fortset resonnementet sitt og slår fast at rett motivasjon gir eit godt grunnlag for å lukkast med yrkesfagleg utdanning, og jo nærare røynda opplæringa er, jo betre. I byggfag skjer undervisninga både i klasserom og på verkstaden, og vi undrar oss over kva for styrkar og utfordringar som ligg her når det gjeld språkutviklande undervisning. Helge fortel at han og kollegaen hans nyttar verkstaden så mykje dei kan. Det er viktig at oppgåvene elevane møter er mest mogleg knytt til arbeidslivet og det dei vil møte ute i lære. Oppgåvene kan gjerne vere språkleg forenkla, legg han til, men samstundes er det viktig at elevane jobbar mot eit fagleg nivå dei vil møte i verkelegheita.

Det er mykje praktisk arbeid, men så må vi knytte teorien til dette arbeidet. Det å gjere greie for, planlegge, reflektere eller dokumentere noko er viktig når ein tenkjer på fagprøva. I klasserommet ser vi video, så elevane forstår kva dei skal lage og gjere. Kan dei ikkje språket, får dei dermed støtte i bileta. Vi teiknar på tavla og skriv faguttrykk og brukar logg aktivt i læringsarbeidet. Det kan vere etter ein dag eller ei veke der dei har jobba med noko på verkstaden fleire dagar.

Men det er krevjande å leggje til rette for alle på verkstaden, medgir Helge. Det er mykje støy. Elevane har ulike behov, og dei er på ulikt nivå. Viss du hjelper ein elev, er det kanskje fjorten andre som treng det samstundes.

Portrettfoto av Helge som står ved en vegg elevene har bygd på verkstedet.
Helge er gjerne med elevane på verkstaden. Han liker at dei får praktiske erfaringar før dei arbeider med teori. Foto: Katarina Hundal

Relevans i undervisninga

Eksempla Jordal nyttar i samtala, vitnar om eit tydeleg fokus både på fagspråkleg utvikling og relevans. Vi ber han om å fortelje oss korleis han går fram i planleggingsarbeidet sitt for å sikre relevans.

Når eg planlegg og fastset innhaldet og metodar i undervisninga, tek eg utgangspunkt i læreplanen. Då ser eg på kompetansemåla og tenkjer på mi eiga erfaring frå bransjen og bryt måla ned. I dette arbeidet tenkjer eg på kva dei må kunne for å klare det aktuelle kompetansemålet og listar opp dei ferdigheitene elevane treng. Også her kan eg trekkje inn loggane.

I loggane skal elevane skildre kva dei har gjort, fortel Jordal vidare, før han legg til at det er ei klar forventing om at dei skal knyte det til eit læreplanmål, leggje inn bilete av det dei har gjort og forklare kvifor dei har gjort det sånn. Deretter er det jobben til lærarane å finne kontrollspørsmål frå teorien som knyt teorien og det praktiske saman. På denne måten jobbar elevane med teori til kvart tema gjennom heile skuleåret.

I loggen kjem faguttrykka ofte naturleg, fordi elevane skildrar arbeidsprosessar og resultat. Eg oppmodar dei også til å utvide ordforrådet sitt gjennom å gje dei eit søkeord som avslutning på loggen. Det kan vere ord som «lysåpning» eller «klimavegg». Elevane vel eit eller fleire ord som dei deretter søkjer opp og gjer greie for. Nokon kopierer berre inn teksten dei finn, medan andre forklarar sjølv. Det er ein god måte å lære nye omgrep på.

Grunnleggjande ferdigheiter

Helge Jordal jobbar altså frå det praktiske til det teoretiske, med utviding av ordforråd og med støtte i bilete – alle eksempel på gode metodar for elevar med kort butid som skal lære både fag og språk på ein gong. Vi snakkar litt om grunnleggjande ferdigheiter og spør på kva måte desse kjem til syne i byggfag. Helge Jordal fortel at elevane heile tida brukar rekning. Dei må måle materialet, dei må rekne ut kostnader og liknande, seier han og fortset:

Når det gjeld lesing og skriving, skal eg vere heilt ærleg på at eg ikkje alltid føler at eg strekk til. Nokre elevar klarer ikkje å dokumentere skriftleg, dei klarar ikkje gjere seg forstått når dei skal dokumentere noko som står i læreplanmålet. Då er det vanskeleg for meg som lærar å vise korleis dei skal skrive eller forklare. Det krev ekstra tid. Når vi har prøvar, svarar dei på kontrollspørsmål. Eg vil at dei skriv for hand. Skriv dei på PC, kopierer dei berre frå nett. Når dei skriv for hand, lærer dei på ein annan måte. Eg seier til dei at om dei ikkje klarar å forklare det vi spør om, kan dei teikne, og klarar dei ikkje det, kan dei få gi eit munnleg svar. Elevane kan også bruke bilete. Vi legg altså til rette for dei som ikkje klarer å skrive så langt vi kan. Men det er noko dei berre må lære å gjere skriftleg. Skal du bli tømrar, må du kunne kommunisere skriftleg med sjefen, med kundar, med kollegaer og samarbeidspartnarar på ein enkel måte. Det blir meir og meir krav til dokumentasjon. Så elevane kan bruke bilete, men dei må skrive noko tekst òg.

Helge Jordal set fingeren på utfordringar mange lærarar kan kjenne seg igjen i. Vi spør han om han i eit fag der den skriftlege fagkompetansen så tydeleg må oppøvast, som faglærar modellerer korleis ein rapport skal sjå ut? Han svarar bekreftande på dette. Han fortel at han har laga ein rapportmal som dei bruker og at det er ein god hjelp for elevane.

Tilhøyrsle og motivasjon

Alle elevar treng å føle tilhøyrsle i klassa og motivasjon for utdanninga for at dei skal lukkast og ikkje falle frå. Har dei det, vil mykje av det andre ordne seg, avsluttar Helge. At Helge Jordal jobbar med mål om å skape både tilhøyrsle og motivasjon, er vi ikkje i tvil om. Samtala vår med han syner også at det å jobbe språkutviklande og med relevans i yrket og er noko som ligg langt fremme i undervisninga hans, til det gode for elevane.