Samarbeid med nasjonale sentre
Det er elleve nasjonale sentre i opplæringa med ansvar for kvar sine fagområde, som skal bistå barnehagane i å stimulere og utvikle det pedagogiske arbeidet. Du finn forslag til ein mengde aktuelle pedagogiske ressursar med relevans for rammeplanen på sentras heimesider. Mange av desse ressursane tar utgangspunkt i god praksis som spinner ut av kompetente, kreative og engasjerte barnehageansatte sine behov for å gi eit så godt pedagogisk tilbod som mogleg til barnehagebarna.
Materiell for barnehage laget av nasjonale sentre

Veiledningshefte: Måltidet som pedagogisk arena
For å inspirere barnehagar i måltidsarbeidet har NAFO, saman med sju av dei andre nasjonale sentera, utvikla eit hefte som viser korleis ulike fagområde kan integrerast i måltidet.
Last ned veiledningsheftet Måltidet som pedagogisk arena (pdf)

Kompetanse, undring og kreativitet – å arbeide med ulike fagområder i barnehagen
I 2010 laga åtte av dei nasjonale sentra ei brosjyre som kort presenterer ulike måter å nærme seg eit tema på. For å illustrere desse sentras tilbod, tok vi utgangspunkt i eit konkret prosjekt, og vi viser her korleis ein kan fordype seg i samme tema med utgangspunkt i ulike fagfelt. Prosjektet «Jeg» var éin av vinnarane av Den nasjonale barnehageprisen for kunst og kultur i 2010. Temaet «Jeg» er aktuelt for alle barnehagar og kan vere ein spanande og lærerik innfallsport til arbeid med ulike fagområde.
Last ned brosjyren Kompetanse, undring og kreativitet (pdf).

Barnehagefilm: Heilskapleg læring i barnehagen
Dei nasjonale sentra har publisert tre små filmar som viser korleis barnehagar kan arbeide med heilskapleg læring og å skape samanhenger på tvers av fagområde i rammeplanen. Noe så enkelt som eit egg kan nyttast til å opne opp ein rik verd saman med barna. På barnehagefilm.no kan du også lese meir om korleis filmane kan nyttast som utgangspunkt for fordypning i dei ulike fagområda.