Aktivitetsguide – kontaktperson med innvandrarbakgrunn
Idrettsrådet i Tromsø starta prosjektet Aktivitetsguide i 2014. Tiltaket inneber at familiar som ønsker det, i ein periode får ein kontaktperson med innvandrarbakgrunn som bistår med informasjon, tolking og hjelp med praktiske spørsmål som for eksempel transport til idrettsaktivitetar og å etablere kontakt med klubben.
Heimeside med informasjon om norsk idrettskultur
I tillegg til prosjektet med Aktivitetsguide har idrettsrådet i Tromsø oppretta Aktivitetsguiden.no som er ei heimeside med kunnskap om norsk idrettskultur. Der kan føresette finne informasjon mellom anna om kostnader, deltaking, føremålet med idretten, om dugnad og frivilligheit, rett til fritid, likestilling og rolla som føresette i idretten. Den digitale aktivitetsguiden er omsett til fleire språk, mellom anna somalisk, tigrinja, arabisk og engelsk.
Tilboda blir meir tilgjengelege
Forskarar knytt til forskingsprosjektet «Bærekraftige mangfoldige byer: innovasjon i integrering» (Cit-egration) har mellom anna sett på effekten av tiltaket med Aktivitetsguide. Dei viser til at slike inititativ som Aktivitetsguide bidreg til at fleire born fra innvandrarfamiliar deltek i idrett.
Dette viser at integreringstiltak i organiserte fritidsaktivitetar ikkje treng å handle om å opprette eit eige, nytt handball- eller turlag for innvandrarar. Det viktige er å sjå på dei eksisterande tilboda og eventuelt gjere endringar, slik at dei blir meir tilgjengelege for fleire.
Aktivitetsguide — Cit-egration Les her om aktivitetsguidar
aktivitetsguiden.no – Ein digital læringsplattform om norsk idrettskultur på sju språk