Ås internasjonale kultursenter
Ås internasjonale kultursenter er ein del av Kulturskolen i Ås kommune. Det er eit ressurssenter der dei legg til rette for at innvandrarar, både vaksne og born, kan ta del i kulturtilboda. Ås internasjonale kultursenter har fritidstilbod for born og ungdom i tillegg til at det finst tilbod for heile familien. Kultursenteret har ei rekke arrangement, verkstader og prosjekt.
Internasjonal festdag
Kvar vår arrangerer Ås internasjonale kultursenter i samarbeid med Ås kulturhus ein internasjonal festdag. Det går føre seg på kulturhuset, og alle aktivitetane er gratis. Dagen har ofte eit tema, og huset blir fylt med gratis workshops, utstillingar, underhaldning og mat.
Barnas verdensdag
Barnas verdensdag i Ås går av stabelen kvar haust. Barnas verdensdager er ein fargerik familiefestival med opplevingar frå mange hjørne av verda.
Les meir og sjå film frå Barnas verdensdag i Ås.
Informasjon på ulike språk
For å gjere aktivitetane kjende og meir tilgjengelege, er dei opptekne av at informasjonen er forståeleg. På heimesida til Ås internasjonale kultursenter finst det difor informasjon om dei ulike aktivitetane på ulike språk.
Koret Fargerike Ås
I Ås har dei etablert eit generasjonskor som dei har kalla Koret Fargerike Ås. Koret er meint å vere ein inkluderande arena der folk i ulike aldrar og med ulik bakgrunn kan delta.
Xenofobia-prosjektene
Dette er ulike kulturprosjekt om framandfrykt og integrering. Aktivitetane er kunstfag der ein samarbeider gjennom tverrfagleg dialog med aktørar innan ulike fag- og samfunnsområde, med tema som framandfrykt, integrering, kulturelt mangfald, flyktningsituasjonar og kunstfagleg metodeutvikling.