Språkleg og kulturelt mangfald

Alle treng å kjenne seg trygge for å kunne lære. Å bli sett og anerkjent av læraren og dei andre elevane eller barna er viktig for god utvikling. Arbeid for eit inkluderande fellesskap der ein opnar opp for eit rikt språkleg og kulturelt mangfald er derfor grunnleggande i all opplæring. Alle elevar og barn i barnehagen treng at den kulturelle og språklege bakgrunn deira blir verdsett. Som lærarar kan vi opne for dette på ulike måtar.

Gjer det språklege mangfaldet synleg på veggene

Med plakatar på fleire språk kan ein synleggjere språkleg mangfald i barnehage, skole, SFO og vaksanopplæring. Fleirspråklege plakatar (morsmål.no)

Informasjonshefte: Barn i flerspråklige familier

Informasjonsheftet tar opp ti spørsmål som foreldre ofte stiller om den fleirspråklege utviklinga til barna. I tillegg er heftet retta mot tilsette i barnehagar og skolar og på helsestasjonar, og det kan brukast som eit utgangspunkt for samtale med foreldra om den fleirspråklege utviklinga til barna. Heftet finst på ei rekke språk i tillegg til bokmål og nynorsk. På nokre språk finst det også som lydfiler. Sjå heftet «Barn i flerspråklige familier»

Feiring av morsmålsdagen

21. februar er den internasjonale morsmålsdagen. Få tips og idear til feiring av morsmålsdagen på morsmål.no

Høgtidskalender

Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) har publisert ei oversikt over høgtider. Høgtidskalenderen 2024 gir ikkje ei komplett oversikt over alle høgtidsdagar som finst i det fleirreligiøse Noreg, men inneheld nokre av dei viktigaste høgtidsdagane.

Meir om: