Sámi álbmotbeaivi

6. februar er Samenes nasjonaldag. Les om markeringa og finn undervisningsressursar for barnehage og skole.

Sameflagget
Foto: flags3d / Adobe stock

Den 6. februar er det feiring av Samenes nasjonaldag. Dagen som også blir kalla Samefolkets dag, blei feira for første gong i 1993, på same tid som FNs internasjonale urbefolkningsår blei offisielt opna i Karasjok.

Ein dag for alle samar

Avgjerda om ein samisk nasjonaldag blei tatt på den nordiske samekonferansen i 1992, og dagen feirast både i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Datoen for feiringa blei valt til minne om det første samiske landsmøtet som fann stad i februar 1917. Dette var første gong nord- og sørsamar frå Noreg og Sverige samla seg til eit stort møte for å drøfte felles problemstillingar på tvers av landegrensene. Dette møtet la grunnlag for arbeid samane seinare har gjort i fellesskap for å sikre folkerettsleg og demokratisk likeverd.

Marker dagen med flagg og plakatar

Samenes nasjonaldag er offisiell flaggdag i Noreg. Ein kan òg synleggjere dagen med plakatar og teikningar. Morsmål.no har laga ein plakat med «Gratulerer med dagen» på dei tre største samiske språka: sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk. Last ned plakaten.

Undervisningsressursar knytt til den samiske nasjonaldagen

Lær om samiske språk

Musikkvideoar på samisk