Norskfaget i vidaregåande

På denne sida finn du læringsressursar til norskfaget i vidaregåande som skal passe for elevar som ikkje har norsk som morsmål. Nokre elevar har vedtak om særskilt norskopplæring. Les meir om særskilt språkopplæring her. Også elevar utan eit slikt vedtak kan trenge språklege tilpassingar for å få oppfylt si rett til tilpassa opplæring.

Læreplanar

Elevar som har vedtak om særskilt norskopplæring i vidaregåande, kan få opplæring med utgangspunkt i tre ulike læreplanar. På grunn av Fagfornyelsen er det nå fleire gjeldande planar.

Norsk for elevar med kort botid

Læreplan i norsk for språklige minoriteter med kort botid i Norge – videregående opplæring (NOR09‑04)

Læreplan i grunnleggende norsk

Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter (NOR07‑02)

Ordinær læreplan i norsk med tilpassingar

Læreplan i norsk (NOR01‑06)

Filmar frå klasserommet

Undervisning i innføringstilbud på videregående

Filmen viser blant anna korleis ein kan arbeide med argumentasjon i norsk og samfunnsfag, og korleis forkunnskapane til elevane kan vere ein ressurs i undervisninga. Det blir lagt vekt på munnlege aktivitetar, både i par, grupper og heil klasse.

Bilde av en lærer som holder opp tre fingre og snakker med to elever

Norskundervisning i videregående skole

Filmen viser eit døme på korleis ein kan tilpasse for minoritetsspråklege elevar i den ordinære norskundervisninga. Læraren legg opp til varierte muntlege aktivitetar slik at alle elevar kjem til orde. Dei arbeider i par, grupper og heil klasse. Gjennom grundig muntleg forarbeid får elevane aktivert forkunnskapane og utvida omgrepa sine før dei sjølv skal skrive ein tekst.

Bilde av fire elever som jobber i gruppe

Nyttige nettstader

Skolekassa – Ei samling av digitale ressursar mellom anna for elevar i kombinasjonsklassar og innføringstilbod på vidaregåande.

Nynorsk for minoritetspråklege – Nettsida er ein ressursbase for skulen oppretta av Nynorsksenteret.

Argumenterande skriving – eit ressurshefte for læraren, Skrivesenteret