Regelverk

Opplæringa av minoritetsspråklege elevar følgjer same regelverk som all anna opplæring i skolen. Men det finst også reglar som gjeld spesifikt for minoritetsspråklege. På denne sida finn du lovar og reglar, samt læreplanar som gjeld for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring.

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Kapittel 3. Vidaregåande opplæring
Kapittel 4. Vidaregåande opplæring i bedrift

Forskrift til opplæringslova

Sentrale delar i forskrifta er kapittel 1 som tek for seg innhaldet i opplæringa, 3 som omhandlar individuell vurdering, 5 som gjeld klage på vurdering og 6 som dreier seg om inntak til vidaregåande opplæring og formidling av lærlingar og lærekandidatar.
Forskrift til opplæringslova

Rundskriv

Udir-6-2012 Godkjenning av tidligere bestått videregående opplæring i Norge og utlandet
Dette rundskrivet informerer om endringar i forskrifta knytt til godkjenning av tidlegare bestått vidaregåande opplæring i Norge og utlandet.

Individuell vurdering Udir-5-2016
Rundskrivet inneheld merknader til forskrifta til opplæringslova, mellom anna til § 3-22 Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål og § 3-22 første ledd som gir elevar som har hatt rett til særskild språkopplæring på 8., 9. eller 10. årstrinn eller på Vg1, Vg2 eller Vg3, rett til fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål.

Læreplanar

Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter
Læreplanen er aldersuavhengig og nivåbasert og kan brukast både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Elevar som følgjer planen får ikkje vurdering med karakter. Det er utarbeidd kartleggingsverktøy i tilknyting til planen. Når elevane har nådd måla for nivå 3 i læreplanen, skal dei følgje ordinær norskopplæring og bli vurdert i samsvar med denne.

Læreplan i morsmål for språklige minoriteter
Læreplanen er aldersuavhengig og nivåbasert og kan brukast både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Elevar som følgjer planen får ikkje vurdering med karakter. Planen kan nyttast til elevane kan følgje opplæring etter ordinær læreplan i norsk.

Læreplan i norsk for språklige minoriteter med kort botid i Norge – videregående opplæring (NOR9-03)
Læreplanen gjeld for elevar i vidaregåande opplæring som både har enkeltvedtak om særskilt språkopplæring og mindre enn seks års butid i Norge ved tidspunktet for eksamen. For elevar som har fått innvilga utvida opplæringstid, gjeld berre vedtak om særskilt språkopplæring.

Læreplan i fremmedspråk
Denne læreplanen gjeld for alle framandspråk bortsett frå engelsk, svensk og dansk. Framandspråk har tre nivå, nivå I og II (fellesfag og programfag med same kompetansemål) og nivå III (programfag). Man kan gå opp som privatist på alle nivå. Eksamen blir tilbydt både vår og haust i alle framandspråk.

Læreplan i fremmedspråk – programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (PSP1-01)

Informasjon om bruk av læreplanar

Informasjon om bruken av læreplan i norsk for språklige minoriteter med kort botid
Fremmedspråk for privatister

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord