Regelverk

På denne sida finn du sentrale føringar for grunnskoleopplæring for vaksne.

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Kapittel 4A. Opplæring spesielt organisert for vaksne
Dette kapittelet i opplæringslova regulerer grunnskoleopplæring for vaksne.

Forskrift til opplæringslova

Kapittel 4. Individuell vurdering i grunnopplæring særskild organisert for vaksne
Kapittel 6. Inntak til vidaregåande opplæring

Rundskriv

Grunnskole for voksne
Dette rundskrivet inneheld informasjon om rettigheiter knytt til grunnskole for vaksne.

Voksnes rett til grunnskoleopplæring etter opplæringsloven kapittel 4A Udir-3-2012
Dette rundskrivet informerer om vaksne sin rett til grunnskoleopplæring organisert etter opplæringslova kapittel 4A. Her vert mellom anna vaksne si rett til særskilt språkopplæring, herunder morsmålsopplæring og tospråklig fagopplæring omtalt.

Læreplanar

Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter
Læreplanen er aldersuavhengig og nivåbasert og kan brukast både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Elevar som følgjer planen, får ikkje vurdering med karakter. Det er utarbeidd kartleggingsverktøy i tilknyting til læreplanen. Når elevane har nådd måla for nivå 3 i læreplanen, skal dei følgje ordinær norskopplæring og bli vurdert i samsvar med denne.

Læreplan i morsmål for språklige minoriteter
Læreplanen er aldersuavhengig og nivåbasert og kan brukast både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Elevar som følgjer planen, får ikkje vurdering med karakter. Planen kan nyttast til elevane kan følgje opplæring etter ordinær læreplan i norsk.

Tilbakestill glemt passord
Skriv inn epostadressen dersom du vil ha tilsendt nytt passord