Regelverk

På denne sida finn du informasjon om sentrale føringar for vaksenopplæring.

Integreringslova

Integreringslova omfattar personar som har fått eller får opphaldsløyve i Noreg etter 1. januar 2021. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har laga ein kort informasjonsfilm om integreringslova. Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova).

For fordrivne frå Ukraina med kollektivt vern er det innført særlege reglar for introduksjonsprogram og opplæring i norsk. Desse mellombelse endringane er regulerte i eit tilleggskapittel i integreringslova: Kapittel 6A Midlertidige regler for personer som har fått oppholdstillatelse etter utlendingsloven § 34.

Læreplana i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar forskrift til integreringslova.

Opplæringslova

Nyankomne innvandrarar kan ha rett etter både integreringslova og opplæringslova. Kapittel 18 i opplæringslova omhandlar rett til førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

Førebuande opplæring for vaksne

Ny opplæringslov blir sett i verk august 2024. Samstundes blir det nye modulbaserte læreplanar for vaksne som treng opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter, FOV. FOV står for førebuande opplæring for vaksne og gjeld for nivået under vidaregåande.

Dei som treng førebuande opplæring i fag eller i grunnleggjande ferdigheiter, men ikkje lenger har rett til ordinær grunnskoleopplæring etter §2-1 har rett til førebuande opplæring for vaksne,  opplæringslova kapittel 18.

Vaksne skal få tilbod om realkompetansevurdering før inntak til førebuande opplæring for vaksne slik at ein kan tilpasse opplæringa etter behova til den einskilde deltakaren. Det kan ikkje stillast krav om norskferdigheiter for å få rett til førebuande opplæring for vaksne, og kommunen har ansvar for tilbodet.

Læreplan i FOV

Vaksne sin rett til vidaregåande opplæring

Vaksne som har fullført førebuande opplæring for vaksne, grunnskuleopplæring eller tilsvarande opplæring, men ikkje har studiekompetanse eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne (VOV) frå det skuleåret dei fyller 19 år. Det gjeld også personar som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg. 

I ny opplæringslov er det også innført rett til yrkesfagleg rekvalifisering, §18-4. Det vil seie at personar som har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, har rett til vidaregåande opplæring fram til éin ny sluttkompetanse innanfor eit yrkesfagleg utdanningsprogram. Frå august 2024 blir 13 lærefag tilbydde som modular for vaksne i vidaregåande opplæring.

Les meir om vaksne sin rett til vidaregåande opplæring i ny opplæringslov kapittel 18.

Læreplaner i 13 lærefag

Innhaldet i opplæringa

Kapittel 19 omhandlar innhaldet i og organiseringa av den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne.