- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Frukostmøte om barn med erfaringar frå flukt
21. november 2024 kl. 08:30 – 10:00
20. november er FN sin internasjonal barnedag. Det er no over 30 år sidan barnekonvensjonen vart vedteken, og det er framleis viktig å arbeide for barns rettar.
I løpet av det siste tiåret har vi vore vitne til store omveltingar og utfordringar knytt til klima, migrasjon, pandemi og eit Europa i krig.
Ved utgangen av 2023 var det om lag 120 millionar menneske i verda på flukt. Halvparten av desse er barn. Å arbeide for barns beste i ei foranderleg verd krev noko av alle.
OMEP er verdsorganisasjonen for små barns oppvekst og danning. Vi i OMEP Noreg ønsker å løfte fram temaet barn med erfaringar frå flukt som eit særleg område for verksemda vår. Vi inviterer derfor til frukostmøte i samarbeid med Dronning Mauds Minne høgskole for barnehagelærerutdanning (DMMH) og OsloMet.
Program og påmelding: Frukostmøte om barn med erfaringar frå flukt – OsloMet
Frist for påmelding er 12. november.