Ord og uttrykk – språklege minoritetar i opplæringa

andrespråk

Språk som ein lærer etter at det første språket er etablert. Blir primært brukt om språk ein lærer i eit miljø der det er i allmenn bruk som daglegspråk, men kan også brukast om alle språk som ikkje er førstespråk, dvs. både andrespråk og framandspråk.

andrespråksopplæring

Systematisk språkopplæring for elevar som ikkje meistrar norsk på eit aldersadekvat nivå. I undervisninga tar ein omsyn til at elevane har basiskunnskapane sine på eit anna språk enn norsk, og at dei derfor treng intensiv undervisning for å utvikle både basisferdigheiter, utbygde ferdigheiter og fagspråk på andrespråket. Elevane får høve til å dra nytte av tidlegare språklege og kulturelle erfaringar i læringsarbeidet.

andrespråkselevar

Elevar som har vakse opp i ein heim der eit anna språk enn norsk er dominant, og som tileignar seg norsk som sitt andrespråk i skolen.

elevar med kort butid

Blir brukt om elevar i vidaregåande opplæring som kan følgje læreplan i norsk for språklige minoriteter med kort botid i Norge. Elevane må ha vedtak om særskilt språkopplæring og kortare enn seks års butid på eksamenstidspunktet.

fleirkulturell 

Blir brukt om personar som har bakgrunn frå fleire kulturar, for eksempel barn av innvandrarar eller flyktningar eller barn av foreldre med ulik etnisk bakgrunn.

fleirspråkleg 

Person som har tileigna seg og bruker to eller fleire språk i daglegliv, utdanning og / eller arbeid. 

framandspråk 

Eit språk som ikkje er ein persons førstespråk, og som blir lært utanfor miljø der det er i allmenn bruk som daglegspråk.

framandspråkleg

Blir brukt om personar med eit anna morsmål enn norsk. Nemninga kan verke ekskluderande og bør erstattast av fleirspråkleg eller minoritetsspråkleg.

førstespråk 

Blir brukt, på same måte som morsmål, om det språket eller dei språka som eit barn lærer seg først. Kan òg brukast om språk som er lært seinare i livet, og som ein person oppfattar som hovudspråket sitt.

grunnleggende norsk (GNO) 

Språkopplæring etter læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter som skal fremme tilpassa opplæring og ivareta andrespråkselevar sin rett til særskilt norskopplæring.    

innlærarspråk 

Blir brukt om det språket som blir produsert mens ein person er i ferd med å lære eit nytt språk. Innlærarspråk er i stadig utvikling og kan ha innslag av trekk både frå førstespråket og det nye språket som ein lærer seg, samtidig som det kan utviklast eigne språkformer.

mellomspråk 

Blir brukt om det språket som blir produsert mens ein person er i ferd med å lære eit nytt språk. Mellomspråk er i stadig utvikling og kan ha innslag av trekk både frå førstespråket og det nye språket som ein lærer seg, samtidig som det kan utviklast eigne språkformer. I nyare faglitteratur er mellomspråk ofte erstatta med innlærarspråk.

minoritetselev 

Elev som høyrer til ei befolkningsgruppe som utgjer eit mindretall av befolkninga i eit land, som for eksempel samar, kvenar eller ulike grupper med innvandrarbakgrunn. Nemninga blir ofte brukt snevrare og med same meining som andrespråkselev eller minoritetsspråkleg elev.

minoritetsspråk

Språk som er førstespråk for mindre grupper i eit samfunn, f.eks. samar, kvenar eller ulike grupper med innvandrarbakgrunn.

minoritetsspråkleg

Person som snakkar eit språk som er førstespråket til mindre grupper i eit samfunn.

minoritetsspråklege elevar

Blir brukt i grunnopplæringa om barn, unge og vaksne som har eit anna morsmål enn norsk og samisk. Omfattar både elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring og vaksne deltakarar innanfor grunnskoleopplæringas område.

morsmål 

Det språket eller dei språka som eit barn lærer seg først. Blir også brukt om språk som er tileigna seinare i livet, og som ein person vel å rekne som morsmålet sitt.

morsmålslærar 

Lærar som underviser andrespråkselevar i og på førstespråket deira.

morsmålsopplæring 

Opplæring i og på førstespråket til andrespråkselevar. Heimla i opplæringslova § 2-8 og § 3-12.

norsk som andrespråk 

Norsk som ein lærer i norskspråklege miljø etter at førstespråket er etablert.

nyankomne

Personar som nyleg er komne til landet.

nyankomne elever

Elevar som nyleg er komne til landet. Det er ikkje sett nokon grense for kor lenge elevar skal reknast som nyankomne. (Om elevar i vgo, sjå elevar med kort butid)

særskilt norskopplæring (SNO) 

Forsterka opplæring i norsk, som kan gis anten etter læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter eller som særskilt tilpassing innanfor læreplan i norsk. Heimla i opplæringslova § 2-8 og § 3-12.

særskilt språkopplæring  

Omfattar særskilt norskopplæring, morsmålsopplæring og/ eller tospråkleg fagopplæring. Heimla i opplæringslova § 2-8 og § 3-12.

tospråkleg 

Person som har tileigna seg og bruker meir enn eitt språk i daglegliv, utdanning og / eller arbeid. Blir ofte brukt synonymt med fleirspråkleg og bør erstattast av dette.

tospråkleg fagopplæring

Opplæring både på morsmålet til eleven og norsk i eitt eller fleire fag. Heimla i opplæringslova § 2-8 og § 3-12.

tospråkleg faglærar

Lærar som underviser i eitt eller fleire fag både på morsmålet til eleven og norsk.

translanguaging

Språkleg praksis der ein tar i bruk alle dei språklege ressursane sine. Blir brukt synonymt med transspråking.

transspråking

Språkleg praksis der ein tar i bruk alle dei språklege ressursane sine. Blir brukt synonymt med translanguaging.