Kväänikansan päivä
NAFO gratulerer med kvenfolkets dag 16. mars! Se film som gir innblikk i historia til kvenane, finn aktivitetar og lær ord og frasar på kvensk og finsk.

NAFO gratulerer med kvenfolkets dag 16. mars!
Kvenfolkets dag er ei markering av kvensk/norskfinsk historie og kultur. I 1998 fekk kvenane status som ein nasjonal minoritet, på lik linje med jødar, rom, romanifolket og skogfinnar. I 2005 blei kvensk anerkjent som eige språk.
Hvem er kvenene/norskfinnene? – les meir om historie og språk
Lær ord og frasar på kvensk og finsk
Lær enkle fraser på kvensk og finsk (minstemme.no)
Lær fem kvenske ord og fraser (nrk.no)
Film til bruk i barnehage og skule
Filmen Tule sisäle gir eit lite innblikk i historikk om kvenar/norskfinnar, om reisevegar, tradisjonar og språk. Du får møte Edvin på 8 år og bestemora hans, Ragnhild. Edvin vil gjerne høyre om den kvenske/norskfinske bakgrunnen sin, og bestemor Ragnhild har mykje å fortelje.
Tule sisäle, film på YouTube.
Filmen kan brukast i barnehagen eller på barnetrinnet og mellomtrinnet, aleine, eller saman med oppgåver.
Oppgåver til filmen Tule sisäle (minstemme.no)
Fleire aktivitetar
Halti kvenkultursenter har ei side med aktivitetar til kvenfolkets dag.
Les meir
Nasjonale minoriteter (nafo.oslomet.no)