Fleirspråklege ressursar
Nafoki
KI-løysinga nafoki.no for fleirspråklege elevar, ungdom og vaksne. Språkboter for vaksne blei lansert i november 2025. Det er planlagt lansering av språkboter for elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring i 2026. Språkbotene gir støtte på fleire språk og kan brukast til læring av språk og fag.
Bildetema
Bildetema er ei fleirspråkleg biletordbok med bilete, tekst og lyd som kan vere eit utgangspunkt for arbeid med språk i barnehage, skule og vaksenopplæring.
LEXIN
LEXIN-ordbøkene er laga særskilt for minoritetsspråklege elevar i grunnopplæringa. Oppslagsorda er valde ut særskilt for denne målgruppa. I tillegg til kvardagslege ord finn du ord og uttrykk som er nyttige å kunne når ein bur i Noreg.

Morsmål.no
Morsmål.no er ei nettside med fleirspråklege ressursar til bruk i barnehage og skule.
Skolekassa
Skolekassa er ei lenkesamling med læringsressursar for minoritetsspråklege elevar. I tillegg til ressursar for elevar på 1. til 10. trinn finst det ressursar som passar for innføringstilboda på vidaregåande, kombinasjonsklassar og vaksenopplæring.
Lumbrikus
Lumbrikus er ein digital læringsressurs i norsk og naturfag med fleirspråkleg innhald. Læringsressursen er for alle elevar, med moglegheiter for tilpassing for elevar som er i ferd med å lære seg norsk som andrespråk.
Fleirspråklege forteljingar
Fleirspråklege forteljingar er forteljingar frå ulike delar av verda på fleire språk.





