Inkludering i lokalsamfunnet

Foto som viser inkludering, mennesker som holder rundt hverandre.
Foto: Adobe Stock/ NAFO

For å gi nykomne barn, unge og vaksne ein god start i Norge og gode moglegheiter for å bli ein del av fellesskapet, er det naudsynleg å tenke heilskap. Barnet, ungdommen eller den voksne er mykje meir enn ein elev på skolen eller deltakar på norskkurs. Alle er del av eit lokalsamfunn. Kva kan lokalsamfunnet gjere for å skape eit inkluderande fellesskap?

Eksempel på god praksis

Kor som arena for inkludering og felleskap. Les på Imdi sine sider om korleis du kan få i gang eit kor og korleis du kan søke støtte til det.
Vard-modellen Fotballklubben Vard Haugesund jobber aktivt for å skape ein inkluderande fotballklubb.
Aktivitetsguiden – idrettsglede for alle. Aktvitetsguiden er ein kontaktperson med innvandrarbakgrunn. Det er eit tiltak i Tromsø der målet er at alle barn og unge skal få høve til å bli aktive i idrettslag.
Filmar om kulturskolen på fleire språk. Utdanningsdirektoratet har laga filmar om kulturskolen på sju språk.
Ås internasjonale kultursenter er ein del av Kulturskolen i Ås kommune. Det er eit ressurssenter der dei legg til rette for at innvandrarar, både vaksne og barn kan ta del i kulturtilboda.
Kulturlaurdag i Grimstad er gratis tilstellingar sju laurdagar i året der det blir gitt smakebitar på kva kulturskolen har å tilby. Tre gonger om hausten og fire gonger om våren arrangerast det Gratis Kulturlaurdag i form av mellom anna kunstverkstad, teater og songsamling, mat, lek og diverse andre workshops. Kulturlaurdagane er arrangement der det er mogleg å få nye venner og bli kjent med andre som bor i kommunen.
Tur som inngangsport til gode by- og naturopplevelser. Røde kors i Oslo arrangerer turer i nærmiljøet for voksne med flyktning- eller innvandrerbakgrunn.

Tilskot

Her er nokre ordningar for ulike tilskot ein kan søke.

Opplevelseskortet – gratis adgang til kultur- og fritidsaktiviteter Få oversikt over gratis tilbod og tilbod med nedsett pris som finst i ditt nærområde
Integreringstilskudd til kommunene Dette er ei tilskuddsordning der kommunane søker om tilskot for busette flyktningar.
Tilskudd til vertskommuner for asylmottak eller omsorgssenter Dette er ei tilskuddsordning som skal sikre at bebuarane i asylmottak og omsorgssenter får dei tenestene dei har krav på.
Mangfold og inkludering – ei støtteordning for barn og unge som ønsker å utvikle prosjekt der mongfald, haldningar og deltaking er sentralt.
IMDI tilskudd – til frivillig verksemd og verksemder og organisasjonar i privat og offentleg sektor

Les meir

Forskning og eksempel på integrering i lokalsamfunnet.

Fortellinger om integrering i norske lokalsamfunn