Den internasjonale romdagen

8. april er den internasjonale romdagen. Her kan du lese meir om dagen og finne undervisningsressursar til barnehage og skole.

Foto av romfolkets flagg som vaier i vinden på en flaggstang
Foto: Adobe Stock

8. april er den internasjonale romdagen

Den internasjonale romdagen blei innstifta på den første verdskongressen for rom som fann stad i London i 1971.

Historisk bakgrunn

Romane kjem opphavleg frå det indiske subkontinentet, og utvandra for om lag 1000 år sidan. I Europa er dei truleg registrert skriftleg så tidleg som på 1300-talet. Til Norden kom dei i byrjinga av 1500-talet. Gruppa er i Noreg omtalt både som romfolk og rom. Rom er det offisielle namnet.

Hvem er rom? – les meir om den nasjonale minoriteten rom

Rom ein nasjonal minoritet i Noreg

Romane fekk status som nasjonal minoritet i Noreg i 1999, etter at styresmaktene hadde ratifisert Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar av 1994. Utgangspunktet for at Europarådet vedtok denne konvensjonen, var eit historisk medvit om at minoritetar ofte har vore diskriminerte og forfølgde. Målet var å styrke arbeid for menneskerettar overfor nasjonale minoritetar i Europa.

Språket romanes

Romanes er morsmålet til romane og har status som nasjonalt minoritetsspråk i Noreg. I samband med den internasjonale romdagen 2025 lanserte NAFO ein ny versjon av biletordboka Bildetema på romanes. Biletordboka er ein av få digitale ressursar på språket.

Gå til biletordboka Bildetema

Undervisningsressursar

minstemme.no finn du fleire ressursar om nasjonale minoritetar og rom som kan brukast i barnehage og skole.

Les meir

Nasjonale minorieteter – Romer (udir.no) – Utdanningsdirektoratet
Norske rom (hlsenteret.no) – Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter
Nasjonale minoriteter

Romflagget. Blå og grønn bakgrunn med et rødt hjul i front.
Flagget til romane. Illustrasjon: Adobe Stock