Den internasjonale romdagen

8. april er den internasjonale romdagen

Den internasjonale romdagen blei innstifta på den første verdskongressen for rom som fann stad i London i 1971.

Historisk bakgrunn

Romfolket kjem opphavleg frå det indiske subkontinentet, og utvandra for om lag 1000 år sidan. I Europa er dei truleg registrert skriftleg så tidleg som på 1300-talet. Til Norden kom dei i byrjinga av 1500-talet. Gruppa er i Noreg omtalt både som romfolk og rom. Rom er det offisielle namnet.

Hvem er rom? – les meir om den nasjonale minoriteten rom

Rom ein nasjonal minoritet i Noreg

Rom fekk status som nasjonal minoritet i Noreg i 1999, etter at styresmaktene hadde ratifisert Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar av 1994. Utgangspunktet for at Europarådet vedtok denne konvensjonen, var eit historisk medvit om at minoritetar ofte har vore diskriminerte og forfølgde. Målet var å styrke arbeid for menneskerettar overfor nasjonale minoritetar i Europa.

Daniel er norsk og rom

I denne filmen snakkar Daniel om at språk, familie og tradisjonar er viktig for identiteten hans. Han fortel også om sitt forhold til Noreg som heimland og korleis folket hans har blitt diskriminert gjennom historia.

Produsert av Snøball film for NAFO i 2015

Undervisningsressursar

Film: Marias blogg (minstemme.no) – film til bruk i barnehage og barnetrinn

Kryssord på romanés (minstemme.no) – undervisningsopplegg for barnetrinn

minstemme.no finn du fleire ressursar om nasjonale minoritetar og rom som kan brukast i barnehage og skole.

Les meir

Nasjonale minorieteter – Rom (udir.no) – Utdanningsdirektoratet
Norske rom (hlsenteret.no) – Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter
Nasjonale minoriteter