Sámi álbmotbeaivi
6. februar er Samenes nasjonaldag. Les om markeringa og finn undervisningsressursar for barnehage og skole.
Den 6. februar er det feiring av Samenes nasjonaldag. Dagen som også blir kalla Samefolkets dag, blei feira for første gong i 1993, på same tid som FNs internasjonale urbefolkningsår blei offisielt opna i Karasjok.
Ein dag for alle samar
Avgjerda om ein samisk nasjonaldag blei tatt på den nordiske samekonferansen i 1992, og dagen feirast både i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Datoen for feiringa blei valt til minne om det første samiske landsmøtet som fann stad i februar 1917. Dette var første gong nord- og sørsamar frå Noreg og Sverige samla seg til eit stort møte for å drøfte felles problemstillingar på tvers av landegrensene. Dette møtet la grunnlag for arbeid samane seinare har gjort i fellesskap for å sikre folkerettsleg og demokratisk likeverd.
Marker dagen med flagg og plakatar
Samenes nasjonaldag er offisiell flaggdag i Noreg. Ein kan òg synleggjere dagen med plakatar og teikningar. Morsmål.no har laga ein plakat med «Gratulerer med dagen» på dei tre største samiske språka: sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk. Last ned plakaten.
Undervisningsressursar knytt til den samiske nasjonaldagen
- Hos morsmål.no finn du ein tekst om samane på bokmål, nynorsk og 14 andre språk.
- På minstemme.no finn du mellom anna artiklar, videoar, oppgåver og quizar om samefolket for barnehage og skole.
- På Sametinget si heimeside kan du lese meir om Nasjonaldag og nasjonale symbol og finne ressursar for barnehage og skole.
- Kunst og kultursenteret har i samarbeid med Nasjonalt senter for samisk i opplæringa laga heftet «Samisk kulturforståelse i barnehage og skole».
Lær om samiske språk
- Sametinget har laga appen 10/20 bágo, for Android eller iOS. På appen kan ein sjå, høyre og lese 10/20 ord både på nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Appen passar i skole og barnehage.
- Lær ord på nordsamisk på nye Bildetema.
- Lær å telje til ti på nordsamisk og sørsamisk (Youtube)
- Plakat frå giellavahkku.org med samiske ord ein treng fleire norske ord for å forklare:
Musikkvideoar på samisk
- BlimE-dansen (nrk.no) på samisk
- Into The Unknown // Amas Mu Vuordá (Youtube) – frå filmen Frost 2, som er omsett til nordsamisk.
- Slincraze – Amma (Youtube)
- Binnabánnaš musihkkavideo (nrksuper.no) – musikkvideoar for dei minste frå NRK Super