Sámi álbmotbeaivi

Den 6. februar er det feiring av Samenes nasjonaldag. Dagen som også blir kalla Samefolkets dag, blei feira for første gong i 1993, på same tid som FNs internasjonale urbefolkningsår blei offisielt opna i Karasjok.
Ein dag for alle samar
Avgjerda om ein samisk nasjonaldag blei tatt på den nordiske samekonferansen i 1992, og dagen feirast både i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Datoen for feiringa blei valt til minne om det første samiske landsmøtet som fann stad i februar 1917. Dette var første gong nord- og sørsamar frå Noreg og Sverige samla seg til eit stort møte for å drøfte felles problemstillingar på tvers av landegrensene. Dette møtet la grunnlag for arbeid samane seinare har gjort i fellesskap for å sikre folkerettsleg og demokratisk likeverd.
Undervisningsressursar knytt til den samiske nasjonaldagen
- På Tema Morsmål finn du ein tekst om samane på bokmål, nynorsk og åtte andre språk.
- På Salaby har dei ei side om samefolkets dag der du finn tekstar, filmar, spel og oppgåver.
- På minstemme.no finn du mellom anna artiklar, videoar, oppgåver og quizar om samefolket for barnehage og skole. Opplegga finn du ved å velje temaet «samefolket» i toppmenyen.
- På Sametinget si heimeside kan du lese meir om Nasjonaldag og nasjonale symbol og finne ressursar for barnehage og skole.
- Kunst og kultursenteret har i samarbeid med Nasjonalt senter for samisk i opplæringa laga heftet «Samisk kulturforståelse i barnehage og skole».
Lær om samiske språk
- Les fakta om samiske språk frå Giellavahkku.no
- På Bildetema kan du lære ord på tre samiske språk: nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk
- Lær ti ord om menneske og dyr på tre samiske språk
- Lær å telje til ti på nordsamisk og sørsamisk
Musikkvideoar på samisk
- BlimE-dansen på nordsamisk
- Into The Unknown // Amas Mu Vuordá – frå filmen Frost 2, som er omsett til nordsamisk.
- Slincraze – Amma
- Binnabánnaš musihkkavideo – musikkvideoar for dei minste frå NRK Super
Markering av dagen
Samenes nasjonaldag er offisiell flaggdag i Noreg. Dagen blir markert fleire stader i landet. Mellom anna har OsloMet ei digital markering av Samenes nasjonaldag 5. februar – dagen før dagen.