Ny stortingsmelding om tidleg innsats

Stortingsmeldinga «Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO» blei lagt fram 8. november. Delar av meldinga omhandlar korleis ein kan styrke tilbodet til minoritetsspråklege i barnehage og skole.

Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO er tittelen på Stortingsmeldinga som blei lagt fram 8. november. Delar av meldinga omhandlar korleis ein kan styrke tilbodet til minoritetsspråklege i barnehage og skole.

Styrking av kompetansen i norsk som andrespråk

For å kunne kartlegge minoritetsspråklege elevar og gi særskild norskopplæring av høg kvalitet treng skolen lærarar med kompetanse i norsk som andrespråk heiter det i Stortingsmeldinga, og regjeringa ønskjer å vurdere korleis alle skolar og barnehagar kan få tilstrekkeleg tilgang til kompetanse i norsk som andrespråk. På sikt er det eit mål at alle lærarar som underviser i særskild norsk, skal ha formell kompetanse.

Språkutviklande arbeid i alle fag

God språkutvikling for andrespråkselevar gjer det naudsynt med fokus på språk i alle fag. Dette perspektivet finn ein i stortingsmeldinga når det heiter at regjeringa vil be Utdanningsdirektoratet vurdere kva for tiltak det kan vere behov for, for å støtte lærarar slik at dei kan bidra til andrespråksutvikling hos minoritetsspråklege elevar i alle fag.

Eit fleirspråkleg SFO

Eit rikt og variert språkmiljø stimulerer kommunikasjon og bruk av språk, heiter det i det kapitlet som gjeld SFO. Her blir det peikt på at leiinga ved SFO bør arbeide for å skape medvit omkring korleis dei tilsette kan bidra til utvikling av ord og omgrep på norsk. Meldinga peiker òg på at tospråklege tilsette er viktige formidlarar av språk og kultur, og at dei bidreg som brubyggjarar. Dei kan gje dei tospråklege barna moglegheit til å vise sine ferdigheiter og kunnskapar og gjer at barna kan føle stoltheit over bakgrunnen sin når dei kan samtale på sitt eige morsmål.

God andrespråksutvikling startar i barnehagen

18 prosent av barnehagebarna har minoritetsspråkleg bakgrunn. Regjeringa meiner at det derfor er naudsynt for barnehagane å ha kompetanse om barns språkutvikling og fleirkulturelle kompetanse, og dei vil vurdere korleis ein kan auke denne kompetansen. I meldinga vises det elles til utsegna i Rammeplan for barnehagen som seier at personalet skal støtte fleirspråklege barn i å bruke morsmålet sitt og samtidig aktivt fremme og utvikla barnas norskkompetanse.

Stortingsmeldinga Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO