Den internasjonale Holocaustdagen
27. januar er den internasjonale Holocaustdagen. Les meir om den nasjonale minnesmarkeringa og få tips til korleis dagen kan markerast i barnehage og skule.
I november 2005 vedtok FNs generalforsamling at 27. januar skal vere ein internasjonal dag til minne om offera for Holocaust. I Noreg blir Holocaustdagen markert både nasjonalt og lokalt og er ei anledning for skular til å tematisere dei yttarste konsekvensane av rasisme og antisemittisme.
Minnesmarkering
I Noreg blir den nasjonale minnesmarkeringa arrangert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret). Arrangementet på Akershuskaia blir ikkje strøymd.
Den internasjonale Holocaustdagen 2024 (HL-senteret)
Ressursar frå HL-senteret
HL-senteret har utarbeidt mykje materiell knytt til Holocaustdagen. Senteret har i fleire år hatt ulike arrangement og opplegg tilpassa markering av dagen i skulen. På nettsida til senteret kan ein lese om aktivitetane og finne forslag til ei rekke undervisningsopplegg ein kan bruke for å markere dagen. Undervisningsopplegga dreier seg mellom anna om bruk av nettressursar for å kartlegge spor av fortida i nærmiljøet og for å gjere seg kjent med og vurdere døme på gatekunst og minnesmerke. På sida finn ein òg PowerPoint-presentasjonar knytt til opplegga og informasjon til lærarar. Måla med undervisningsopplegga er å minnast offera, gjere elevane medvitne om lokalhistorie knytt til Holocaust og å analysere og reflektere rundt ulike former for markering av hendingar i fortida. Den internasjonale Holocaustdagen 27. januar gir anledning til å tematisere konsekvensar av rasismen og antisemittismens i undervisninga.
Den internasjonale Holocaustdagen (HL-senteret)
Undervisningstilbod, ressursar og tips (HL-senteret)
Korleis og kvifor undervise om Holocaust (HL-senteret)
Antisemittisme – før og nå
Jødisk museum i Oslo har utvikla ein nettressurs om antisemittisme for elevar og lærarar på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule. «Antisemittisme – før og nå» tilbyr elevar og lærarar ei grundig, oversiktleg og forskingsbasert framstilling av antisemittisme som historisk og nåtidig fenomen.
Les meir om Antisemittisme – før og nå (Jødisk museum)
Fordomar og rasisme i skulen
Dembra.no (Demokratisk beredskap mot rasisme, antisemittisme og udemokratiske holdninger) tilbyr rettleiing, kurs og nettbaserte ressursar for førebygging av fordomar, framandfrykt, rasisme, antisemittisme og ekstremisme.
Våre fem nasjonale minoritetar
Jødane er ein av Noregs fem nasjonale minoritetar. NAFO har på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet utarbeidt filmar, undervisningsopplegg, tekstar og oppgåver om alle dei nasjonale minoritetane.
Les meir: Nasjonale minoriteter
Min stemme – læringsressursar
minstemme.no er ein nettstad med læringsressursar frå barneskule og heilt opp til vidaregåande, med søkelys på demokrati, medborgarskap og deltaking. Der finn du mellom anna undervisningsopplegg om fordomar og rasisme og om urfolk og nasjonale minoritetar.