Kväänikansan päivä

NAFO gratulerer med Kvenfolkets dag 16. mars!

Kvenfolkets dag er ei markering av kvensk/norskfinsk historie og kultur. Datoen er valt til minne om den første organiseringa av kvenane som gruppe. På denne dagen i 1984 blei det første lokallaget for kvenar etablert i Børselv i Aust-Finnmark.

Kvenane er ein nasjonal minoritet i Noreg

Kvenane er etterkommarar av folk som kom frå Nord-Finland og Nord-Sverige og busette seg i Troms og Finnmark. Dei første skriftlege kjeldene som fortel om kvenar i Noreg, går så langt tilbake som til 1500-talet. I 1998 fekk kvenane status som ein nasjonal minoritet, på lik linje med jødar, rom, romanifolket og skogfinnar. I 2005 blei kvensk godkjent som eige språk.

Lansering av bok

Boka Kvenene – et folk ved Ishavet blei nyleg omsett til norsk for første gong. Boka som blei utgitt i 1928, er skriven av den finske folkelivsgranskaren Samuli Paulaharju. Boka er på meir enn 500 sider og inneheld intervju med 242 kvenar og er illustrert med hundrevis av fotografi. 

Ressursar

Kvenfolkets dag – Norske kveners forbund (kvener.no) Hvem er kvenene/norskfinnene? (nasjonaleminoriteter.oslomet.no)

Språkdusj skal gi barna besteforeldrenes språk (nrk.no) – om korleis dei bruker kvensk språk i ein barnehage i Nordreisa.

Oppgaver til filmen Tule sisäle (minstemme.no) – opplegg for barnehage og skole med film og oppgåver som gjer eit innblikk i historia til kvenane, om reisevegar, tradisjonar og språk.

nasjonaleminoriteter.oslomet.no – nettside med undervisningsopplegg om nasjonale minoritetar for ungdomstrinnet og vidaregåande skole. Nettressursen vil bidra til å spreie kunnskapar om dei nasjonale minoritetane i Noreg.